- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
70

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gneista. Tvil fanst nok ikkje i deira ordbok. Og tala
gjorde dei, meir enn godt var, tykte eg. Hadde det vore
uppi Noreg, vilde dei vorte utlædde. „Smaagutar,
Viktig-Per’ar, ikkje turre bak øyro“ — vilde gudbrandsdølene
sagt um slike.

— Ja, her gjekk desse drøymarane midt paa ljose
dagen i fred og bygde luftslott:

Ein Fyn-bu vilde heim paa farsgarden sin og ruske
upp der: trolle fram eit stort mønsterbruk — og skapa
um heile grenda! Grannane skulde sakte faa svevnen
or augom og ljote ta etter!

Ein annan hadde berre ei husmannsjord paa eit tjug
maal og 2—3 kyr. Men han skulde kappast med
gard-brukaren — leggje i veg med hagebruk, haide 20 griser
og 200 høns, attaat kyrne, og selja meir av hagen sin
han enn dei av gardane . . .

Ein tredje vilde samle grenda og klemme til med
eit stort meieri.

Ein liten vest-jyde vilde byggje eit stort slaktehus i
Ribe, so bøndene skulde sleppe den skam heretter aa
tigge burt feet sitt aat byfolk paa gata.

Ein fjerde — ja skulde han endeleg segja det, vilde
han bli diktar. Men det var ikkje berre „fot i hoso“ —
han hadde alt brent upp ei forteljing; no skreiv han dag
og natt paa den andre.

Ein mager blankøygd gut vilde ut i ei grend og ta
til med ein friskule. Folket sov; men han skulde faa
deim vakne.

Ein med ein svær lugg, noko av ein talar og tenkjar,
han vilde gaa til folkehøgskulen. Fyrst skulde han gjera
seg godt ferdig, paa Vallekilde og Askov og andre stader,
og so vilde han reise skulen sin der eller der, som dei
trong det aller mest. Um fem eller seks aar kunde eg
berre koma og faa sjaa.

Dei tok det paa hermenns vis. Det var berre aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free