- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
73

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

„Mig blev det givet at opdage den store naturlov for
Aandens virken og forplantelse i menneskelivet," segjer
Grundtvig. Han var sjaa-aren meir enn nokon annan
— og slengde ut tanken um det levande ordet med ei
straalande makt som fraa ei høgre verd. Her gjekk
vegen til ei ny sterk ætt, ikkje ein klasseveg aat eit lite
faatal, men folkevegen for alt folket til folkelukke — og
Aanden i ordet var fylgjesveinen. 1 grunnen den same
gamle vegen som Kristus og apostlane hadde staka ut —
men no var han tilgrodd med ugras.

Kristen Kold staka vegen uppatt. Og born og
ungdom, ja alle, skulde inn paa denne livsvegen og faa
vok-steren sin der. Daa fyrst kunde dei bli heile menneskje att.

Aanden hadde sagt aat Kold: „Ver tenaren min paa
denne vegen, millom born og ungdom! Set deim i stand!"

Han lydde, og vart tenar. Aanden vart herre og
husbond og vegvisar for honom gjenom heile hans liv.

— Ein dag var presten Kornelius Appel paa Askov;
daa sa eg: „Fortel no stutt og greidt kva Kristen Kold

var og gjorde i sitt folk; seg meg med 10 setningar dette."

„Det er uraad," sa han. „Eg veit ikkje korleis eg
skulde tala naar eg skal segja stutt og greidt kva han
var og gjorde.

Tida var so jordvend som ho kunde bli. Det var
berre mat og drikke, og ein liten lapp med kristendom,
til sjælefrelse naar vi eingong døydde. Den store mengd
av folket laag der nede og kava, og var heilt framande
for den verda av aand „her ovanfraa", som er meir enn
mat og drikke.

Eg kan vel best segja det so, at Kold hadde faatt
eit sterkt kali, eit strengt paabod til aa vekkje folket —
gje deim nye augo aa sjaa med.

Og med heile si sjæl tok han imot dette kaliet.
Sidan gjekk han arbeidsvegen sin so stødt og trufast, at
eg veit ikkje nokon hans make her i mitt folk. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free