- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
79

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Etter eg vart sjuk kom hugen te gardsstell og hagebruk.

Det stod for meg som den einaste vegen til lækedom,

baade for kropp og sjæl. Og no kom minna blenkjande
fraa eg var gut heime, naar vi fylgde ho mor i hagen og
laga te sengjer aat kaalrot, gulrot og hugukaal, spadde og
grov upp aat rips og stikkelsbær, planta deim sjølve og
fekk eiga deim. Aa, kor eg levde i dette daa eg kom aat
det fruktrike Ullensvang! Mor di like eins."

Eg: „Men du har endaa ikkje fortalt meg kor du

lærde alt dette, aa stelle desse fine aldetrea, og til og med

griser. Du har daa ikkje gaatt korkje landbruksskule eller
gartnarskule."

Han: „Eg hadde lese mykje. Og ein vinter paa

Bruuns skule hadde eg Kristian Horne te lærar, han som
sidan vart med Hirsch aat Jønsberg. Daa las eg
„Agerdyrknings-kemi" og Norstrøms „Jordbruget". Bror min,
som var utlærd gartnar, lærde meg pode og okulere.
Herman Anker paa Sagatun vaaga hagen sin paa meg —
eg trur han var 30 maal. Den styrde eg med tvo
dren-gjer ein heil sumar; eg fekk gartnar upp fraa Hamar naar
det kneip. Og sidan i Danmark tvo aar. I den store
hagen aat Ernst Trier ein heil sumar; med alt som der
voks! Eg var med i kufjøset, med næpor og kraftfor, og
med rekneskapen; han sende smøret sitt heilt aat Kina.
So styrde eg grisene hans ein maane, og lærde det. Sidan
kom eg aat Tyge Hansen, „Fyns beste bonde", sa Trier.
Og so var eg barneheims-lærar — aat ein flokk viltre

smaagutar og 25 maal jord te hage–––––––-Alt dette

kom no upp att daa eg sjølv fekk jord. Ja eg dreiv ut
350 kroner fraa maalet paa ein sumar — i erter, lauk,
og blomkaal, hugukaal — aat Bergen."

Eg: „Men kvidde du deg ikkje for alt arbeidet daa?
For møk og krøter og alt det — du som var lærar? Du
har sagt eingong at du var ein nerveveik drøymar — det
kan eg ikkje skyne."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free