- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
80

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han: „Jau, det er sant. Aa, eg er ein dubbelt natur
eg! Maatte bruke viljen, ser du — all den eg aatte! For
jorda den skulde berge baade meg og dykk. Det finst
ingen slik skule for born som jordbruket.

Vi laut ha noko aa leva taa, ser du. Det var hårde
tider for folkehøgskulen daa. Eg fekk 600 kroner um
aaret for det eg var lærar; men kaa forslo det? Det var
noko anna og, som vog mykje. No skal du høyre: Ein
dag kom vesle Ingebjørg — ho som seinare døydde fraa
oss — graatande inn aat mor si med nokon lause blomar
i handa. Ho hikstegret og sa at ein stor sint
skjegge-mann hadde jaga ho og sagt ho skulde ikkje trø ned graset
hans. „Men er det ikkje du og han far og Gudfader som
eig alt saman?" spør ho. Daa vart eg klaar med ein
gong: borna vaare skulde ikkje koma ut for slikt meir.
Men skulde dei faa heim, laut vi ha gård. — Dagen etter
gjorde eg aalvor taa — og kjøpte Helleland, denne urudde
utflyttargarden, for 6000 kroner, og greidde ut det halve.
Det andre halve vart vi skuldige. Vi fødde 4 kyr, 12
sauer og hest, og taa dette aatte vilkaarsfolka den eine
kua og dei 4 sauene. Daa laut vi slaa „Skaarane" i 14
dagar — ei bratt skogli under fjellet — og bera ned høyet
um vintrene; utan vart vi förlause um vaaren. Sidan fekk
vi upp streng og løypte det ned.

Vi flutte aat Helleland skraks vi hadde kjøpt — og
inn i ei diger, svartbrend røykstugu som stod att i
gamletunet; reint eit stasverk te hus, med torvtak, ljore og tvo
breide glas imot fjorden. Der hadde Myllarguten spela,
der hadde dei dansa og drukke og slegest — dette hadde
vore „Gildestugu" paa garden. Ein Granat-aple, som bar
4 tunnor for aaret, kvelvde sine svære greiner over taket;
og han blømde slikt daa vi kom der, so mor di stod som
ein draum og berre sa: Er det ikkje eit under at slikt

skal vera aa faa kjøpt for pengar! Daa var heile taket
klædt under ei sky taa raude og kvite rosor.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free