- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
83

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg: „Men gruvde du ikkje for all skulda?“

Han: „Nei. Mor di var so viss paa det skulde gaa
godt. Og Gud sende si signing so vi næstan saag det.

Folk hadde spotta desse Vonheimskarane; sagt at
vi var nokon upraktiske drøymarar som berre for med
maalstræv og dikt og tull. Eg hugsar Martinus Utheim
som styrde den vesle Loshaugen aat Janson. Aa, kor
Gausdølene log aat honom! Sidan kjøpte han store Lø
i Trøndelag, og vart beste gardbrukaren og
fyregangsman-nen der — endaa han ingen landbruksskule hadde gaatt
paa, berre lese og røynt seg fram. Og sjaa no Per
Utheim, bror hans, som vart ein taa dei beste bønder paa
Nordmøre. Og Karl Seip, som styrde Aulestad aat
Bjørnson. Og Ivar og Sigurd Blekastad. Og Loms-gutane daa,
som kom heim att fraa Bruuns-skulen og gjorde bygda
si te ei norskmaals-bygd og framgangs-bygd paa ein liten
mannsalder. Eg kunde nemne mange fleir, taa desse
„solfuglom" aat Bruun, med same tru og same mot. Og
kvinnor i mengd. Var det ikkje som Guds andlet lyste
over deim — so alt dei tok sine hender i maatte lukkast!

Nei, vi er nok ikkje for lite praktiske vi bondegutar og
bondegjentor, men kanskje sume taa oss for mykje. Faaren
er naar vi gaar heilt upp i dette, biir reknemeistrar, og
gløy-mer at Gud. er det store talet. Daa eg rudde og bygde
paa Helleland, voks det praktiske instinktet mitt slik at eg
fælte for meg sjølv. Ingen ting skulde vera umogleg —
eg vart ein rein jøtun. Ein hardhaus, som vilde tvinge
alle vanskar og brjote alle murar! Slike har vel fedrane
vaare eingong vore, under Odin og Tor. — Men kor rart
det var daa um sundagane, aa lesa apostelen Johannes att.
Det vart som mjuk musikk. For bak um denne trollhamen
var det i grunnen trua som dreiv meg, trua paa Gud og
paa livet.

— Men so kom knipetaket. No skulde det røynast
ut: um eg kunde leva taa denne trua, som eg tala um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free