- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
92

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

oss halte og skakke og mest maal-lause — dette
tyskdanske boksproget som gjorde oss framande baade for
oss sjølve og for Gud. Aa, som vi leid under alt dette!
Eg minnest mange i mi heimbygd fraa eg var smaagut,
som skjemdest over kor stygt dei tykte dei tala naar dei
var ihop med byfolk — og freista det beste dei kunde
aa herme etter; men fekk det aldri te. Vi heldt paa
tynte oss reint ut. Vi visste ikkje anna enn at det so
skulde vera.

Men so kom talsmennene vaare dg, daa Guds time slo.

Det er nok ikkje berre eit tilfelle at Ivar Aasen og
Aasmund Vinje var bondegutar.

Den store bylgja kjem all tid fram som fødd av dei
mange smaa.

Eg trur det var hjartesukka fraa dalom og fjordom,
ja fraa det norske folk — som dreiv fram desse tvo og
gjorde deim so sterke te aa brøyte dei fæle vegane dei
maatte gaa. I fotfaret deira kom so Elias Blix, Olaus
Fjørtoft, Per Sivle, Mons Litleré — no er dei døde og
har kaar si soge. So Arne Garborg, Ivar Mortenson,
Jens Tvedt, Anders Hovden, Vetie Vislie, Sven Moren,
Sigurd Nesse, Rasmus Løland, Rasmus Flo, Rasmus
Steinsvik, Nikolaus Gjelsvik, Kristen Stalleland, Ivar
Klei-ven; so Per Riste og ein heil her taa lærarar; alle saman
bondegutar. Og attaat kom mange gilde byfolk, med
norskt blod i aarom, som saag kaa det galdt og stødde
uppunder naar det kneip som verst. So sterk er denne
saka, at ho tek byfolket og; det syner seg best i desse
dagom.

Eg har nemnt skoen som klemte oss eldre daa vi
voks upp. Det er vaar løyndom, byfolk skynar det ikkje.
Men so skal eg leggje fram lite grand taa dette.

Folkemaalet i mi heimbygd vart set ned paa som
noko stygt taa alle folk eg kjende, fraa det fyrste eg kan
minnast. Men vi laut drast med det, fordi vi ikkje hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free