- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
95

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skreiv som eg tala, paa bygdemaalet mitt. Aa, for ei
moro det var! Eg kjende det som var eg kornen ut fraa
eit fengsel og ut i Guds frie natur, med skog og foss og
fjell og blaa klaar himmel. Eg hadde ikkje kunna vendt
attende inn i denne boksprokskodda att, nei ikkje um eg
hadde faatt ei kongekrone for det, trur eg.

So skreiv eg ei lita abcbok, eg var lærar daa. Eg
visste godt kaa langt smaaborna skyna — eg hugsa det
best fraa meg sjølv; og noko hadde eg røynt meg^ fram.
Eg visste ikkje daa eg var liten at 0 skulde vera ei 0y
og at H-a-t skulde vera Hatt og ikkje Hat. Og
bondeborna veit som oftast slett ikkje det at en rød. ko og en
sort stud er det same som ei raud ku og ein svart stut;
dei veit ikkje eingong at grød er det same som graut.
I vissa ikkje i nordre Gudbrandsdalen. Og kjære, kaar
skulde dei veta det ifraa? —Ja, so tok eg
kvardagsspro-get heilt og haide, beint fraa barnetunga, og sette det inn
i abcboka. Men daa skulde du høyrt! Folk syn test detta
var meir enn fælt. Eg las upp nokre stykke aat
grann-kjeringom, og dei log so taarone trilla. For detta var
daa ho Marta Pikhaug som gjekk og snakka ved seg
sjølv, sa dei. Ho var tullute ho. Og daa eg fortalde at
eg vilde prente det og la borna lære aa lesa paa det, daa
trudde dei eg var ikkje langt ifraa di, eg heller. Dei
tykte det var aa spotte baade Gud og menneskje dette.
Eitt er moro, eit anna er aalvor, sa dei. Og boka, daa
ho kom, vart heitande tullboka, i heimbygda mi, denna
tullboka paa maalet, sa dei.—Ja no er tullboka innførd
i skulom heime, og i andre bygder i Gudbrandsdalen.
Detta skulde ingen kunna sagt for 25 aar sidan.

Og gamle snilde Andreas Jørgen Fleischer, presten
som hadde døypt og konfirmert meg, han klappa meg
paa oksla og sa: „Kjære unge mand, slut nu med dette

maalstrævertullet, det fører saa til ingen ting alligevel.
Du bare ødelægger din fremtid og gjør din hæderlige

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free