- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
104

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dette gjer so sitt til aa gjera klufta vid millom skule
og heim.

Men for skulen er det eit livsspursmaal: skulen maa
vinne heimane, skal han koma nokon veg med bornom.

For heimen er allmektig, aa kalia.

Eg trur det er faae taa oss som veit kor mykje eit
barn har faatt heime, før det hjem paa skulen. Det har
faatt alt. Barnet er eit stykke heim — korkje meir eller
mindre.

Og soleis er dette ordna taa Gud.

Heimen skal vera allmektig — og skulen vera ein tenar,
ei attaathjelp.

Borna arvar far og mor, bestefar og bestemor, heile
slekta si. Alle evnor og hugdrag, alt dei sidan kan bli til,
det har dei faatt i arv. Og det aa kalle fram dei gode
evnor og krefter i denne arven, det er dykkar arbeid i
skulen; det største som kan gjerast baade i skule og heim.

Vi maa aldri innbille oss at vi kan skapa noko nytt
i eit barn. Vi kann i beste fail lokke fram dei gode frø
som ligg der, og faa ugrasfrøet te aa visne.

Vi ser det same i naturlivet og — naar vi berre vil
hugse paa det. 1 ein kirsebærkjerne ligg heile treet gjøymt,
i reiv og i sveip — i eit kaalfrø kaalet, i eit gulrotfrø
gulrota.

Like eins er det med det vi kaliar kristendomen.
Det er ikkje ei abstrakt lære, nei det er ein livskime som
biir lagt ned i barnet i daapen; der biir vi fødde upp att
paa nytt av Gud, til evigt liv. Det som er født av kjøt
er kjøt, og det som er født av aand er aand, segjer Jesus
aat den lærde rabinaren Nikodemus. Og skulen fær det
same arbeidet her: aa faa dette livet te aa vekse. Ikkje
med utanaat-leksor paa rams, men med varm, kjærlig tale
um Gud og hans rike, med forteljingar um levande
men-neskje som levde dette livet. Det gjeld her og aa slaa
paa strengjer som kling att i barnet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free