- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
108

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

større herre enn Gud, som tilbyd oss kristendomen.
Staten paabyd han.

Dette er vantrua aat staten, som eg kan forme soleis:

„Stakkars Gud han sit der langt unda og maktar
ikkje denne saka si med berre tilbod. Vi lyt nok gje
tilbodet hans paatrykk.“

So drep staten det finaste i kristendomen, det evige,
det personlege, det frie — og dreg han ned til eit
kunn-skapsfag og ei lære, og held eksamen paa han — som
paa rekning og skrivning.

Er daa staten eldre enn far og mor? Er han eldre
enn heimen? Sidan han tek seg te slik makt?

Nei. Staten er ikkje eingong ein person. Han er
eit upersonlig umgrep, han er luft. Han er som eit
kaal-hugu, med lapp, lapp, lapp, den eine utanpaa den andre.
Um du siær paa det, so berre dissar det: du raakar alle
og ingen.

Staten staar aldri til ansvar for noko, han kan ikkje
det. Naar du har spurt alle lappane og kjem inn i
centret og meiner at der maa daa svaret og ansvaret liggje
— so finn du eit departement, som „i følge den og den
forordning og paragraf formener at saaledes bør den og
den sag antagelig være at forstaa". Staten vil helst ha
sine tenarar upersonlege. Han kan best bruke deim daa.

Og ein slik herre har teke paa seg aa vera vaar
aandelege formyndar!

„Kva kjem det staten ved um det sit ei gjente paa
Hegdehaugen som ikkje „kanu sin Pontoppidan?“ spurde
Hans Brun, i eit stort lærarmøte. Nei, dei maatte sanne
at det kom ikkje staten ved.

Og kristendomen skal nok berge seg. Sjaa berre paa
Amerika!

Eg har hug te ta fram noko fraa gamalt — fraa honom
som gav oss dei 10 boda, moralen vaar — som syner oss
kor høgt den mannen sette heimen over alt anna i verda

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free