- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
113

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vi fær rettleiding um sumt i vaart nye testament.
Sjaa der kor han tek smaaborna i fang og signar deim

— paa vegen te dauden. Og kor baanslegt talar han
ikkje aat læresveinom sine siste kvelden han sit i lag
med deim. Men so den gongen han jaga ut
handels-mennene fraa tempelplassen med svipu, og støytte over
ende borda deira — daa er han „løveOg daa han
natta te langfredag syner seg aat desse raae soldatom
som kjem og skal gripe han, og spør: kven leitar de
etter — — „og dei för attende og fall paa jorda". Dei
hadde ikkje venta han slik — han som skulde vera ein
brotsmann —.

Vi har ikkje noko „fast* bilete etter Jesus.

Nei — for vi skal ikkje ha noko anna bilete taa
honom enn det han kan laga te i hjartom vaare. For
der vil han herske. Han skal kunna koma fritt aat kvar
ein taa oss, som den beste, den fagraste av ålt vi er
i stand te aa tenkje oss og drøyme um.

Han legg stødt slik tyngd paa aa kalle seg
menneskje-sonen; men ikkje paa at han er gudesonen. Han har
lagt reint ein sers elsk paa dette ordet. Han vil vera
blod av vaart blod og kjøt av vaart kjøt.

Aa for ei makt det er i dette slektskapet for oss
menneskje! Han vil vera vaar bror.

Og han vart prøvd i alt. Han var fatig: „Revane

har holor og fuglane har reir, men menneskjesonen eig
ikkje det han kan halle hugue sitt attaat," segjer han.
Ingen har vore djupare nede i sorger, ingen so hårdt
persa og pint taa det vonde — just fordi han var den
reine. — Ingen har vore so rik paa kjærleik aat andre

— han gjekk reint upp i det aa gjera vel. Det har
heller ingen vore so fyllt av heilag harm over alt vondt
som vil kvæve livet og drepa det.

Han er sakte skikka te aa vera høvding og førar
for oss som vil heimatt te Gud! Og dette segjer han

A. Austlid: Salt. 8

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free