- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
121

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han. Han vart so vyrd at han sidan fekk rom i sjølve
Bibelen.

— Men det var jærbubonden eg tok te med. Nei,
detta kunde ikkje staa i Bibelen, sa han. Han trudde
eg stod dikta; og han maatte faa sjaa sjølv at det stod
der. Daa tagde han — og vilde ikkje ha meir med meg
aa gjera.

Ja, er det ikkje underlegt vi ikkje har set dette før?
Det har ikkje vore eit folk paa vaar heile jord, so
gjenom-gløda av fedrelandselsk, som det gamle Israelsfolket.

Sjaa berre paa Moses. Han som heller vilde lide
vondt med sitt stakkars folk enn aa faa bli storkar,
kan-skje faraon, i Egypt. Og daa Gud sidan vilde slaa ihel
heile „pakket" og gjera han sjølv, Moses, te ættfar for
eit nytt Israel, so segjer han ifraa seg denne største æra
han har vore bode, og bed um aa faa døy med sitt folk.

Sjaa profeten Elias. Daa Jesabel raar, og
fønikar-kulturen ligg som skodde over hans folk og land og drep
ned alt nasjonalt aandsliv — han synest det er ute med
alle voner. Daa vil han ikkje leva lenger. „Herre, ta
livet mitt, eg er ikkje meir enn mine fedrar."

Og David — daa han var lyst utlæg og för som ein
jaga hund for kong Saul. Det verste av alt, var at han
ikkje fekk vera heime i fedrelandet. „Eg kjenner meg
støytt ut fraa Guds andlet,“ ropar han.

Og Paulus — daa dette folket valde galne vegen.
Han bér paa eit saar som verkjer stødt, og han skulde
gjerne gaa til Hels, segjer han, naar han med det kunde
frelse sitt folk.

Dette var fedrelandselsken. Ja, so sterkt brenn han,
so høgt logar han upp. Men han er ikkje guddomeleg
— ofte er han skilt fraa Gud, dessverre. Han er ei rein
utstraaling fraa det menneskjelege, det medfødde.

Like eins er det med elsken millom mann og kvinne.
Den er heller ikkje gudeleg — berre menneskjeleg. Og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free