- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
128

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at alt aandsliv som er noko tess, det er nasjonalt.
Landet, slekta, heimen, barneheimen, er jordbotnen som él
denne sterke rota upp. Berre i eigne klæde, heilt seg
sjølv, kan ein mann naa upp te slike høgder, so han biir
te gagn for andre folk og land.

Gaar vi paa leiting etter desse fjelltoppom som
manna-ætta har faatt største ljoset fraa, daa feli det best for meg
aa snu meg aat hebræarfolket.

Her finn vi Moses, lovgjevaren. Ingen har som han
kjent grunnkreftene i sitt folk, baade dei vonde og dei
gode; — fordi dei budde i honom sjølv, fordi han var
hebræar meir enn nokon annan. Difor naadde han aa
gje sitt folk eit lovverk som ikkje berre verna mot det
vonde, men som elska fram det gode slikt, at knapt noko
anna folk har biømt so veldigt eller orka bore fram ein
slik kultur.

Mose-lova ligg som ein rein og solrik himmel over
dette folket, og biir det vérlaget som lokkar fram alle gode
krefter. Det som gjev deim slik magt er gieda; gieda
over at dei kom i samband med den einaste, sanne,
verke-lege Gud, han som har skapt himmel og jord og eig alt,
og at denne guden kallar deim borna sine. Dei kjenner
at over deira himmel sviv den allmektige sjølv, med
ver-nande vengjer over sitt folk.

Kjernen i denne lova er dei 10 boda.

Dei er ikkje noko heilt nytt, som kom paa jorda med
Moses. Dei er gamle som manna-ætta. Dei fanst spreidde
millom folkom fyre Moses, og dei finst den dag i dag i
stumpar og stykke utanfor baade kristendom og jødedom,
som medfødd arv fraa upphavet, som ideal eller samvet.

Kva er so det nye som kom med Moses?

Jau, den makelause utforminga, den guddomelege
støypen han gav deim; og dei makelause konsekvensene
han drog ut. For ut or denne grunnlova byggjer han upp
eit lovverk som femner heile deira liv, fraa det aller min-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free