- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
135

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

neskje ofte gjer — men han gjorde det heller ikkje te
guddom.

— Og naar han stod der over hopen, i sin
heim-vovne ullkjole, og tala folkemaalet — ja so dei tykte
det tinte og grodde, og vaaren kom, desse tusen som lydde
paa — so tenkte dei nok ikkje han var mindre mann
enn Johannes og Elias. Nei — større! Ingen hadde tala
slikt. Naturen skjein med nye leter, dei høyrde tonar i
lufta, nye tonar, og sola blenkte som daa dei var smaa.
Han vart stundom for stor aat deim, denne mannen.

Her er generalnemnaren, som alt ekte menneskjelegt
gaar upp i. Han er det store, heile talet — vi menneskje
smaabrøkane.

So høg som himmelen kvelver seg over jorda, so høgt
stig og straalar det guddomelege over all menneskje-evne.
Men i honom kom himmel og jord te aa møtast og
famnast.

Korleis kjem so vi menneskjeborn upp i dette livet
— denne 2dre høgda i tilværet?

Her staar vi ved det gaatefulle Riket att; det som
seinare vart kalla kristeinsamlaget og kyrkja.

Og her lyt vi gaa te kongen og spørja.

Mest det siste han sa var dette:

„Eg har faat all makt i himmel og paa jord. Gaa
ut i all verda og kunngjer gledesbodet for heile
manna-heimen! Og gjer alle folkeferd til mine læresveinar.
Døyp deim inn i namnet aat Faderen, Sonen og
Heilag-aanden, — og lær deim aa haide alt det eg har bode
dykk! Og sjaa, eg er med dykk alle dagar alt til enden.
Den som trur og biir døypt skal bli frelst, men den som
ikkje trur skal bli dømd.“

Her er testamentet, avskjedstala hans, aat læresveinom.
Og vi finn tvo ting.

Den fyrste er: aa bli døypt. Og det andre er: haide
alt det han har bode oss.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free