- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
137

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han har sagt, at dette livet er han sjølv, og eig makt
te aa døyve og drepa alt det vonde som vil herje meg;
og her skal eg hjelpe til med alle dei krefter eg har, og
ikkje setja meg imot. For dette livet skal eige meg heilt.

Set eg meg imot her, so herdest eg og biir vond, litt
um senn — og daa kjem dette livet te aa drepa meg.
For det er tvieggja.

Er det hendt — har eg støytt dette livet heilt ifraa
meg — so finst det ikkje lenger den makt i himmel eller
paa jord som kan berge meg og løyse meg utatt fraa det
vonde.

For dette er „Livet*. Utanfor dette finst det ikkje
evigt liv, men evig daude — den svarte gaata. „Eg er
vegen og sanninga og livet,* sa Jesus.

Læresveinane hans, som fekk den store æra aa faa
heite greiner paa honom som er livstreet, dei visste godt
kvar dei var komne ifraa: at han hadde funne deim ute
i villskogen, sume ved Jordanselva ute hjaa Døyparen,
sume her og sume der — Matæus i ei toilbud; dei visste
godt at dei var villgreiner utor folkeskogen. Men daa han
sa: „Kom og fylg meg“ — og endaa meir
skjertorsdags-kvelden — han sa dette um vintreet og greinene, daa
skyna dei at han hadde poda deim inn i seg. Aa, for ei
trygd og giede! Fraa honom skulde dei no faa all kraft.

Og no skynar vi so mykje av daapen vaar, at det er
Gud som kultiverar og forædlar meg og deg paa denne
sterke maaten: han podar oss beint inn i seg sjølv. Vi
biir greiner paa honom, vi blir borna hans.

Mange er rædde aa tala um daapen, dei er rædde
han kan bli te ei sovarpute, segjer dei.

Seg so um daapen er verd aa vyrde eller ikkje. For
her er det — etter Jesu eigne ord — at eg blir flytta inn
i Gudshagen fraa utmarka, inn i ljoset og sumarvarmen,
og kjem inn under kultur og uppseding; eg kjem inn i
eit nytt vérlag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free