- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
142

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gjer vi dette no? Eig vi noko sjølve, no i vaar
fatig-fornæme kulturtid, noko som lyser midt igjenom oss
og gjev oss sin farge — noko vi lever for og verkeleg
tener?

Norskdomen? Ja, kanskje vi snart veks oss fram
til eit djupare og meir heilstøypt livssyn — paa denne
norskdomsvegen.

Her er vi paa veg — men berre paa veg. Byane
handsamar oss som husmenner og lokkar oss til fraafall
og etterherming i liv og lære, i mat, drikke, klæde og
litteratur, fort vekk. Og harmen vaar er enno mest berre
merke paa kor veike vi er. Kanskje vi snart kan snu
oss, umvenda oss — det er den einaste veg til siger her

— og ikkje øyde fullt so mykje kraft paa aa skjelle ut
desse stakkars rotlause folk, som maa vera som dei er,
og i grunnen inga makt eig, so snart vi berre sluttar aa
herme kulturen og spraaket og livet deira. Dette er som
med banstraalen aat dei gamle pavane. Den drap —
berre so lenge dei trudde paa paven. Det vi treng her
uppe no, det er ein norsk-norsk Bonde-Luther. Eller,
um ikkje so stort, ein som svarar til Kristen Kold i
Danmark.

Ja, glasa upp, mot aust og vest og gjerne mot sør!
Kultur vil vi nok ha — men ikkje sluke raatt lenger.
Vi vil melte dei emne vi tek — i vaar eigen mage. Dei
skal bera oss upp til norsk vokster. Utan dug dei ikkje

— aat oss.

II.

Kva var det for eit liv, i rot og topp, som blømde
og slo ut greiner i det gamle Vonheim? Som drog til
seg med slik makt og støytte fraa seg med slik makt?

Gjev eg kunde skildre det! Um ikkje meir enn
rota — og faa syne dykk kor norsk ho var . . . kor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free