- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
146

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg som so mange andre var „ferdig" med
kristendomen og levde mitt eige aandlause liv — det vil helst
segja: eg hadde ikkje set han. Jau, daa eg var reint
liten, før eg kom paa barneskulen, daa kjende eg Kristus
— fraa mor mi og fraa eit par barnegjentor — som den
ljosaste og beste av alle menneskje som hadde levt; dei
hadde fortalt meg so fagert um han. Men dette biletet
bleikna fort daa eg kom i barneskulen og fekk leksor
og straks fekk greide paa at han var Gud — altso ikkje
eit verkeleg menneskje, tenkte eg med min barnetanke,
og det hjelpte meg ikkje at læraren stundom sa han var
baae desse slaga. Før hadde eg grete av sorg og harm,
naar den gamle barnegjenta vaar fortalde oss
langfredags-soga; men no var eg alt so klok paa desse „tvo naturer",
at eg tenkte: Pytt, det gjorde ikkje vondt, han var daa

Gud. Og det fælaste av alt fælt paa jord — det som
manna-ætta gjorde med honom — vart for meg til eit
skodespel. Det hjelpte Pontoppidan og lærarane meg til.
Og eg hugsar læraren sa attpaa, at hadde ikkje
menne-skja vilja gjort det, so maatte Gud gjort det. — Ingen
skal skulde den læraren for at han ikkje førde rein lære.
Han lærde so som han var upplærd sjølv.

Var dette barnekost?

Denne avgrunns-gaata, som enno ingen profet har
løyst, ikkje eingong ein tankehaus som Paulus, enn segja
ein teolog! Og kva fører det til, at vi med grove skitne
hender dreg dei største guddomsgaator fram paa
slagtarben-ken i ein barneskule og skal kløyve deim — „forklare“ som
det so vakkert heiter — men kløyver barnetrua i staden?
Gaatone er der — det er sant. Men kan daa ikkje vi
ein gong lære aa vera ærlege, tilstaa at vi ikkje „skynar"
deim. Og lata gaator faa vera gaator? — Var det soleis
Jesus bar seg aat med sine born av læresveinar? Og
kvar biir det av den kristelege voksteren vaar paa denne
maaten? Han stansar — han blir drepen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free