- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
148

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein gong fekk upp augo og saag skaden, ødelæggelsens
vederstyggelighed!

IV

Korleis dei tok det — pedagogane i Vonheim?

Dei fortalde. Aa, dei kveikte eld — og sette oss i
brand! Dei synte oss menneskje etter menneskje — kva
dei gjorde, sa — og let livet deira tala. Paa same vis
med heile folkeferd. Type etter type — kjøt og blod!
Kva brydde vi oss um nakne visne tankar, vi som
saag liv!

Soge-aanden hadde vakna i oss.

Eg gløymer aldri ein vaar Bruun stod der og
fortalde oss um „menneskjesonen".

Han hadde fortalt um døyparen fyrst — og fortalt
slikt, at eg tenkte: Kan det skapast noko større og

reinare? Syner han oss det, er han god.

Jau, han greidde det. Daa vi fekk sjaa denne
Galilea-profeten, talande, trøystande, lækjande, straalande ut si
kraft millom tusen og tusen — og i samme aandedrag
tukta desse høglærde hardskallane fraa Jerusalem, so dei
smaug unda som rædde ormar — jau daa vart han eit
hovud høgre enn „den fyrste millom kvendefødde". Det
var meir sol umkring denne — vaarsol! Men daa han stod
i Getsemane-hagen og „visste alt“ — at denne vegen kmt
han gaa — og han so møtte fienden slikt at dei „gjekk
attover og datt aat jorda“ — daa fekk vi ei openberring
fraa høgre heimar um kva aandsmakt er for noko, og
kor høgt eit menneskje som har gaatt paa Guds vegar
kan naa. Daa bleikna stjerna fraa Jordan — den store
døyparen vart ein fatig mann — og vi saag med ein gong
at han hadde havt rett daa han sa: „Eg er ikke verd

til aa løyse upp skoreima aat menneskjesonen.“ Og endaa
meir daa han steig upp paa krossen — han som kunde
kalia tolv legionar til hjelp — og gav seg godviljugt inn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free