- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
154

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

VAAGAA-PRESTEN*)

La oss sjaa lite paa den tida som ol upp slike
pres-tar — kristne optimister kan vi vel kalle døm? reine
„vulkaner" te aa sende ut ljos og varme!

Det har vore eit reint dogme dette: at
17de-mai-ver-ket vaart har sine røter i den franske revolusjon. Det
er no likevel ikkje sant. Røtene hadde vi før.

Men daa steig „treet" upp gjenom jordskorpa, og
synte arta si. Friheit, likheit og brorskap, desse slagorda
fraa sør, kom som elektriske bylgjor og vermde oss upp.
Just her uppe, fordi vi stunda og trudde. Vi vart
dristige, kom i ekstase; og la i veg med den friaste forfatning
i Europa. Paa papiret. —

*) Den 25. januar hadde dei fest paa Vaagaa, te minne um Krag,
denne merkelege folkelæraren vaar som vi nok alder kjem te gløyme.
No hadde dei faatt maala bilætet hass — eit meisters konstverk og det
skulde vigjast inn. — Minst tvo store salar i den nye romlege
skule-bygningen i Vaagaamo var fullpakka med sitjande og staaande
fest-klædde folk. Og der hekk bilætet bak talarstolen, bak eit flagg,
inn-ringa med 9 elektriske lampor. ’N Andreas Austlid skulde daa „løyse
duken", fordi han va taa „Bruuns gamle garde" paa Romundgard
for 50 aar sea, og fordi han no var „attkomen aat dale" te
ungdomslærar her. Dæ va kje bøn for: skulestyreformannen hadde korne med
traavar og stormtekje han.

Og festlegt var det. Berre som døm spelte og song!
Hornmu-sikk og kor! Og til kvelds: lange rader med rjomegrautar — 16 spann,
taa desse gamaldagse store vakre, — fraa kjeringom paa gardom. Og
dagen etter — ved festen aat skulebonom — like eins. Der var alt
anna enn dyrtid paa Vaagaa. Merknad av referenten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free