- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
155

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vi trudde paa eit syn vi saag, liksom aaskefisen i
eventyret; vi leit paa folkekrafta vaar, og drøymde urn
ei utløysing, ei nyføding. Den frie odelsbonden var
glansidealet — endaa han var ikkje fri og vakjen, han saag
korkje fritt eller vidt, den gongen. Paa borg vart han
uppklædd med alle desse dygder. For ei tru! Berre
ein spaadom, ei von!

Og embetsmennene vaare stod i „ljosan laagaa" for
dette bondesynet. Ære vere døm for si optimisme, for
si store tru paa folket!

„Deg skje som du trur“ — fekk døm te svar fraa
honom som raar.

Ja so sann var denne trua i si uppfylling at
Bjørnson ikkje rett lengje etter kunde syngje um gamle Ueland,
utan aa segja eit ord for mykje:

Skjønt bonde bakom plogen
og sjømand i sin baad,
han tænkte fint som nogen
i hele kongens raad.

Og dette, som er endaa vakrare:

Hvad bondens bund kan bære.
skjønt aldrig der blev saadd,
det er vor folkeære
og har vor fremtid spaadd.

Visst nok gjekk ikkje røysteretten lenger ned enn til
sjølveigande bønder, for det fyrste. Men frøet var saatt.
Vi skulde med tida vekse oss upp te aa styre oss sjølve
heilt, — ingen overklasse, ingen aalmugje, men eit folk.
Dette vart vegen no. Folkesuveræniteten var knesett.
Du verda, for eit dristigt steg dette var! I Europa saagst
ikkje maken. For Frankrike hadde slegje attende til
eine-valdsstyre, veit vi; ogi England styrde lordane, storfolket.

Jau, i Amerika likevel. Der hadde likheits-
friheits-og brorskapstankane slegje rot fraa gamalt. Dei engelske
puritanane hadde frøet med seg — ja kaar trur døkk fraa?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free