- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
160

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa! Edvard Storms folkevisor paa Vaagaa-maal kan
døk tru han hadde framme ved skulen.

Han song døm og forklaara døm aat gutom, og han
gav døm stiluppgaavor utor desse visom. Daa skulde
døm fortelja innhaldet paa prosa. Og han vilde heller
døm skreiv Vaagaa-maal enn bokmaal. „Det er berre
eit um aa gjera med god stilf sa han: „at det biir liv
i han.“ — „Ja, Vaagaamaalet er saa vakkert — sa han
— at eg skulde ynskje eg kunde preike paa det. Daa
skulde eg tala betre enn eg gjer no.“

Storskulen aat Krag paa Vaagaa, med si 2dre høgd
for vaksen ungdom, det var den frie folkehøgskulen i
sin fyrste blom her til lands.

Han hadde uppdaga — segjer han — at det gjekk
mange staute ungdomar i bygdom, med gode evnor og
gløgt huggu og stor hug paa aa lære. Desse trong hjelp.
Ikkje berre te aa faa veta mykje, men fyrst og fremst te
aa bli vekkte, bli lyfta upp, og faa eit høgre og vidare
syn paa heile livet. Vart dette berre gjort, daa vilde
døm bli lette aa lære.

Vi ser han har havt kristendoms-undervisning — og
fortalt utor Bibelen. Han sa ikkje: „Les derifraa og

dit, bibelhistorie eller forklaring," men: „Les dei og dei
kapitel i Bibelen, — der fær døkk s jaa det,u sa han.

Vi ser han har fortalt Noregssoga og heimssoga, paa
same levande maaten. Og han har fortalt um
natur-kreftene, havt det vi kaliar fysikk og kjemi. Han har
fortalt um jordklota og landa, — um sol, maane og
stjer-nor. Han har drivi teikning og rekning, ja til og med
matematikk. Men det raraste for den tid, er at han dreiv
gymnastikk med gutom sine — og hadde kosta gilde apparat.

Fysst og sist dreiv han morsmaal. „Aa lære aa tala
godt, lesa godt, skrive godt, det er det største taa alt,"
sa han. „Det er gjenom ordet døkk har umgang med
menneskje, hugs paa det," sa han. „Og tenk so paa alle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free