- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
171

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

stod som klomsa. Kva vilde han Lars med Øvreplassen!
Ikkje var han den mannen som brydde seg um aa ha
meir enn han hadde, og heller ikkje laag Øvreplassen
slik til, at han kunde gjera seg stort gagn taa ’om. —
„Fire hundre —?“ ropte lensmannen. Per spelmann stod
attum alle hine og glaamde, ho Brit sat ute i svala og
gløymde graaten. — „Fire hundre —? Siste gong —?“
Daa kvesste han Hans Bakkom ut: „Femti til!“ Men

den andre kjøparen, han fehandlaren, vart au harm:
„Tjuge til!“ ropte han. „Fem hundre," sa han Lars Flug.
Det vart reint stilt, folk heldt pusten. „Femti til!“ skreik
Hans Bakkom, han tok te aa sveitte. „Takk for meg,“
sa fehandlaren. „Seks hundre," sa Lars Flug, og smilte.
Daa snudde han Hans Bakkom seg, reint kvit i andletet,
og raadla med verfar sin. „Nyttar ikkje," sa denne, „det
er greidt at han Lars vil oss vondt." Han trampa i
i tunet: „Kven dekelen kan slaast med galne folk! Men
la dei akta seg!" Baade han Hans Bakkom og verfar
hans gjekk.

Daa fali hamaren. Lars aatte Øvreplassen.

Ingen skyna kor det bar til at han Lars vilde leggje
seg ut med Bakkefolket; og dei tykte dette var ikkje likt
’om Lars Flug. Men han Lars stod berre smilte. „Aa
snakk, det er ikkje verre ’ti di," sa han.

Men daa alle dei hine var burte, tok han Lars
lensmannen og tvo mann til, og so sa han til Per Øvreplassen:
„Du er ein skarv, og ein storskarv er du, som fer fram
slikt som du har fare, og øydelegg garden din baade for
deg sjølv og for deim som minst hadde fortent aa koma
paa berran bott! Men no eig eg garden, og no skal du
faa sitja her i fred til din døyande dag, dersom du fer
aat som folk og kastar baade fela og flaska og tek te aa
arbeide! Og garden, den gjev eg kjeringa di fritt — og
ho skal eige garden, for ho fortener garden. Og borna
hennar skal au eige garden etter henne. Men dersom du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free