- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
174

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gamle Vonheim — likeeins med Ullmann. Her kan ein
vel ikkje godt skulde paa for smaa lærarkrefter heller.

Men kanskje fleirtalet i so maate har korne lenger
no — i aa sjaa klart kva som kan bli til vokster og varigt
gagn for borna deira og landet vaart, naar det
gjeld/ram-tida? — Eg trur det ikkje. Fleirtallet ser aldri lenger
enn til det som har vore og er; det biir berre nokrefaa
som ser lenger. Ja, og so ungdomen; for han eig
instinktet. Soleis har mest all lengtande og evnerik ungdom
samhug med denne skulen, men aldri gamlingane som
sit med makta. Nei, so snart dei berre luktar innsida,
og reknar ut kvar det her av med denne misjonen, so
fær dei sine tvil og siær att pungen; — so framt dei
ikkje fær raa for planen daa og leggje beisel paa styraren.

Difor biir denne skulen — som berre rett er —
fram-havd til samtale-emne i hus og heim, paa buder og
dampskip og vegar. „Gjev han nokon mat i gryta — levebrød?"
Eller det som er viktigare enn alt anna: evig sæle?
„Fær dei nokon eksamen i nokon ting der?" — Og dei
unge som skal svara — og har kanskje vore paa ein slik
skule 5—6 maanader — biir ofte harme og tek munnen
for full, so dei gamle fær nytt tak — og til slutt „smiler
deim ned“.

Det har ikkje vore greitt aa vore folkehøgskule i vaart
land mange stader — det var aa brøyte nye vegar det.
Her, som ungdom staar kløyvde mot hinann’ i mest alle
ting, og som ei trongsynt gudsfrykt gaar ihop med eit
aandlaust matstræv um aa kverke alt som ikkje er eit av
desse tvo. Og attpaa har vi aa slaast med hamen av ein
bykultur, som berre flirer aat ein skule som vil vera
„bondsk".

So kjem dei mest velmeinande av dei eldre (sume er
yngre au) og skal tala vet i oss; segjer: „Faa ein land-

brukskandidat til skulen din — lær gutane jordbruk og
gjentone matstell og meieri! So skal vi stø skulen." —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free