- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
176

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var eit syndens liv!“ — „Ja eg tvilar ikkje paa det,“
segjer eg; „men like vel skal døkk naa skjøne at
ungdomen maa faa riste skuledufta av seg; og daa vil eg nok
heller ha han inne hjaa meg sjølv i ljos enn ute paa
vegane, der rampen turar og staakar." — „Arme mann,
som tek synda under armane og leider ho inn i huset
ditt, du fær ein stor rekneskap aa svara for ein gong,“
segjer dei, ristar paa hovudet og gaar.

Desse folk er tyngst aa ha imot seg. Dei meiner
det so ærlegt og vel, og dei har ei stor makt — so nær
som over ungdomen, han rømer unda deim; det staar
heller ingor giede av deim.

So kjem politikarane — unge, evnerike, ærelystne
folk, som kan ha gaatt fylkesskule og kanskje
under-officersskule, og no stundar etter aa bli bygdeordførarar og
stortingsmenn so fort som raad er — som knapt ser anna i
livet enn politik og saker; som ser all berging for folket
vaart i dette eine, at dei unge biir gjort slagferdige til
dag-sens strid; og av all makt samlar deim um desse, i seg sjølv
gode ting. — „Ja ja,“ segjer eg. Men so ventar og krev
dei at vi au skal gaa upp i dette; fylle vaare unge gutar
og gjentor med ferdige meiningar um alle
samfundsspurs-maal, det vil segja: gjera deim til gode og støe venstrefolk
— desse attanaaringane vaare! men her segjer eg stopp;
det kan aldri bli maalet for ein retteleg ungdomsskule.
Aa, vi vil mykje lenger med ungdomane vaare — i dypti
og i høgdi! Hjelpe deim te bli gode, støe og sanne
menneskje, klaare synet deira der, det vesle vi kan. So kan
dei sidan velja politiken sin fritt, naar dei biir vaksne. Og
den tida kjem nok, so sant vi kan faa deim aandeleg vakne.

So ristar desse au paa hovudet aat oss; finn at skulen
er planlaus og upraktisk.

Daa kjem frikyrkjefolket; vissa her vest. Dei veit at
vi paa fleire baugar er radikale, ikkje berre i maalvegen,
men i skulespursmaal — kanskje au i kyrkje-politiken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free