- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
177

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og dei veit at vi er ikkje fritenkjarar, endaa kristendomen
vaar skal nok vera stygt uppblanda med mykje taa desse
Grundtvigs-greione. Det skulde vera merkeleg likevel,
um so kloke og vaksne folk ikkje kunde sjaa humbugen
i statskyrkjestellet vaart — med desse kongelegakademiske
„ansatte" embetsherrar te prestar for massekristendomen.
Plent som i det gamle heidne Rom — og i heidendomen
vaar eigen! — „Jau — svarar vi — humbugen ser vi
meir enn nok av. Men vi har ikkje bygt skulen vaar til
slagmark og krig mot prestane — so lenge dei forkynner
Kristus. Kunde vi heller hjelpe deim, og faa gjort nokre
av ungdomane vaare til levande kristenmenneskje, so gjorde
vi meir gagn; dette er mykje meir verdt.

So fær vi desse au imot oss.

Nei, vi maa snu oss aat dei unge og uferdige —
prøve aa faa hjelpe deim.

Det er ikkje alt so gromt her heller. Mykje av
ungdomen vaar gaar paa ville vegar — nettupp no i denne
„kulturtid", daa det er so alt for lett aa tene pengar, og
so altfor faae som har lært aa styre deim; ja som trur
— paa tross av kristendomen dei „lærde" og den
„vel-ordna" skulen dei gjekk i — at „det rette adels merke"
just er dette: aa vera „flott"; og at det er ei skam aa
vera smaanøgd og sparsam!

Mange sig ned i raaskap og drikk. Ein heil hop flyt
ovanpaa, som skum — med fine manerer, byklæde, knot,
cigarettar og alt dette ytre som ruver; og gjentone
stolpande paa høge hælar med jaaleprat–––––––-og alt dette

„surogatet" som narrar deim te aa gløyme at dei er
men-neskje, skapte med sjæl og aand som hungrar etter ein
høgre venleik, venleiken aat Gud.

Slike har vi imot oss, sjølvsagt. Vi er verre enn
lesarane. „Kva er denne frie folkehøgskulen for noko
naar vi ikkje kan faa drikke ein dram? eller ha lite
ablegøyer med gjentone?"

A. Austlid: Salt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free