- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
185

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAAPET

Ein tale.

I.

Har de lagt merkje til, kor nøydde vi er um aa vone?
Um aa ha noko ljost aa stira fram over imot, som vi kan
tru vi naar. Vi er slikt skapte.

Du ser dette hjaa barnet. Berre kor det stundar
etter jola, og gled seg — fyreaat! „Naar eg biir stor!"
segjer barnet. Daa skal det smelle laust, daa skal alt gildt
hende; rett daa!

Og ikkje mindre hjaa ungdomen; aller helst der.
Han ser manndomen sin sameleis i syner. Daa skal han
ta tak, og skapa eit liv som det ikke finst maken til. Men
fyrst og sist saman med den han er glad i. Og gjenta
like eins. Det skal bli anna slag enn dette tufseriet hjaa
far og mor! — Far og mor er ofte vantrue. Det er nok
ikkje so lett aa bykse seg fram; livet er hårdt og strengt,

det veit dei. Men dei vil daa so inderleg gjerne, at borna

maatte naa eit stykkje lenger enn dei, og gjer alt dei veit
til aa hjelpe. Det er ei livslov, dette. Me ynskjer borna
vaare framum oss.

Og denne draumen fram og upp mot ei ukjend lukke,
den ber all god ungdom. Den er det som gjer han varm
og glad og rik, gjev honom krefter til aa leva livet for

dagen. Det er den beste skatten han eig; det er den

han lever av.

Aa missa dette synet fram-over, er for ein ungdom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free