- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
192

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og daa sveinane til Johannes kjem til Jesus med
store voner og segjer: „Du er Guds son, du er Israels

konge!" so døyver han dei ikkje eller siær kaldt vatn i
blodet. Han segjer:

„Her etter skal de sjaa himmelen open og Guds
englar svive upp og ned over menneskjesonen."

Og han prisar sæle stakkarane, som ikkje visste bergings
raad. „Sæle er dei fatige, sæle er dei som syrgjer." Han
gav deim den tapte von gjenom sin tale. Ja han vigde
inn arbeidet sitt med aa gjera vatn um til vin i eit brucLlaup.

Han snudde graaten til giede,
han gjorde vatn til vin.

Her møttest jord og himmel,
brur med brudgomen sin.

Han vende veter til sumar,
so alle smaa blomar brann.

Takk vere Betlehems-barnet!

Gud signe den sol som rann!

Og midnattstrolla dei fæle,
dei skal i helvite ned.

Vi vonar den store sumar,
daa jorda skal syngje um fred.

Og dette haapet — um ein gullalder paa jorda, eit
himmelfødt kongerike med Jerusalem til hovudsæte og
han sjølv til konge paa Davids gamle trone og mannaætta
vunni og underlagd — dette haapet lyste og brann i lære-
sveinane hans og beint fram bar deim. For dei skulde
faa herske med honom, høyre til hans næraste hird. For
ei ære og lukke! Det var ikkje smaaplukk dei för med.
Ingen har set stoltare syner.

Difor vart det og so brennande eit spursmaal, kven
som skulde vera størst millom deim, faa sitja aller nærast
honom i hans rike. Aa, det er gripande aa sjaa mor til
Sebedæisønene! Ho kjem med desse tvo, som ho elska
høgare enn sitt eige liv, og som ho visste Jesus heldt av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free