- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
193

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og ho fell ned for føtene hans og segjer: Seg at desse tvo
sønene mine fær sitja, ein paa den høgre og ein paa den vin-
stre sida aat deg i ditt rikje,“ Og han stygdest ikkje ifraa. For
det rann eit reinare blod i den bøna, enn vi skynar. Han
spør, um dei kan drikke dei skaaler han skal drikke, og
lata seg døype med hans daap. „Ja, vi kan,“ svara dei.
Dei skyna godt at drikken var beisk, at det her spurdest
um livet.

Ja, den æra skulde dei og faa, sa han. Men dei tvo
æressæte nærast honom kunde like vel ikkje han gjeva
burt; Gud fader sjølv raadde for det.

At Israels folk, hans eige utvalde folk, skulde kunne
gjera aalvor av aa leggje hand paa honom, so han maatte
gaa i dauden — at vegen til siger gjekk gjenom grava —
det var den fæle gaata som dei aldri kunde sjaa i augo.
Han prøver aa faa deim til aa skyne det gong paa gong
— at utan at kveitekornet fell i jorda, kan det ikkje bera
frukt. Men nei; dei vil ikkje.

At han, denne sterke mannen, som dreiv ut vonde
aander, tukta stormen til aa tegja og slo dei skriftkloke
slag i slag i kvart eit møte — at han kunde falle, var
urimelegt. Det byd deim imot.

Og kongstankane loga som aldri før. Ein utveg,
ein gjenomgang maatte finnast. Paa vegen til Jerusalem
siste gongen, daa kjende dei at den store stund stod for
døra. Han var utstøytt fraa Guds- og menneskje-samfund.
Og han hadde vekt Lasarus upp att or dauden. Noko
maatte hende, eit anten — eller var korne. Daa ropar
dei han høgmælt ut til konge paa Davids gamle trone.

Og han læt seg rope ut.

Daa han staar for Pilatus, hædd og utlædd, so det
er ein ynk, jamvel daa vedkjenner han seg kongsnamnet.

Og daa det saag ut som alle voner var sløkte, daa
han verkeleg bøygde hovudet i dauden, — endaa brast
ikkje denne draumen for læresveinom. Han levde over

A. Austlid: Salt. 13

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free