- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
198

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aa leva menneskjelivet, er far og mor. Det er noko so
grunnleggjande ved dette her, med far og mor og heim,
at det dominerar over heile vaar framtid.

Naar eg no kjem te aa nemne det 4de bodet, so kan
vel sume synest at det er tarveleg uppvartning paa ei
slik stor stemme — tenk aat meir enn tri tusen ungdomar!
Vi hugsar skuledagane og kor saart vi stræva med aa
pugga desse paragrafane uppatt og uppatt, baade i kakjesma
og Pontoppidan, og kor turre og hårde dei vart til slutt.

Men no er vi daa vel endeleg ferdige med deim––––––?

Nei, vi er nok ikkje det.

Nei, det er no vi skal ta til — aa leva — dei 10
boda, meiner eg. Her vil eg beda forsamlinga vera tol-
modig, so eg fær segja nokre ord. Eg trur dette er paa
sin plass, endaa um eg skulde koma ein liten strek ut-
um emnet mitt.

Her har vi ballasten. Dei er ikkje noko spilder nytt
som kom paa jorda med Moses. Dei er gamle som manna-
ætta. Dei fanst i Hebræar-folket, og dei fanst sund-
kløyvde og spreidde millom mest alle heidningefolk fyre
Moses. Ja dei finst den dag i dag, i stumpar og stykkje,
utanfor baade jødedom og kristendom. Som innhald, som
liv, eller i allefall som samvet. Dei er ein medfødd arv
fraa upphavet vaart.

Kva var so det nye som kom med Moses? Jau daa
fekk dei den guddomelege støypen sin. Og det var open-
berringa for jødefolket. Paa lag som naar ein diktar ber
fram det liv, vi alle kjenner og stundar etter, slikt, at
han fær kvar ein streng i oss te aa gje atterljom; eller
som naar Hellas-folket saag paa biletet aat Zevs i Olym-
pia, og sa at bilethoggaren maatte ha vore der uppe paa
Olympen og set guden andlet te andlet, naar han kunde
skapa noko so herlegt. Lova, og fyrst og sist desse tie
boda; grunnlova, møtte jødefolket som ei openberring

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free