- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
206

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVA ER KRISTENDOM?

Paa folkehøgskulen i Gausdal. Vaaren 1914 — siste dagen.

Skal vi kanskje prøve aa lyfte paa dette største spurs-
maalet no siste kvelden vi er ihop — etter at vi har lært
aa kjenne noko av Jesu liv og høyrt sumt han har sagt
um seg sjølv.

Det skulde i seg sjølv ikkje vera so reint raalaust
aa vaage det — endaa ingen taa oss er teologar. For
det store fraa Gud — kjem stødt klaart og einkelt. Og
kristendomen har daa bode seg fram aat oss alle, anten
vi har klent eller godt hugu. Ja han segjer seg aa vera
det mest menneskjelege taa alt, eller det vi menneskje
mest taa alt treng um og maa ha, dersom vi skal bli
utløyste fraa det vonde og naa fram med livet vaart te
noko heilt og godt.

Men vi mannsborna har ei merkeleg evne te aa for-
kludre og forkvakle alt som biir oss gjeve te livs gagn.
Og her har skriftklokskapen regjert, og reist upp svære
tankebygningar med lærdoms taarn og spir — og alt for
ofte gløymt burt at Kristus gav oss eit liv som vi skal
leva, og ikkje berre ei lov vi skal lære i leksor og sidan
hugse. — Jesus saag visst ikkje mykje millom oss som
kunde gjera han heilt glad. Men ein gong var han det,
den gongen han fekk sjaa inn i den store gaata, „visdomen
aat Gud“, daa var han glad. Daa sa han noko rart:
„Eg lovar deg far, herre over himmel og jord, at du lét
desse ting vera løynde for vismenn og klokingar, men
lyste upp over deim aat smaafolk og umyndige! Ja far,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free