- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
208

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

etter den andre. Der er fest, der er brudlaup, ei giede,
ein fred, og ei lykke som stig over alle vaare voner —
han brukar dei fagraste fargar som livet eig, naar han
fortel oss um dette.

Men det er dette aa vera ein kristen han meiner.
For han segjer at det er ikkje her eller der utanfor deg at
dette riket er, nei inni deg— i bringa di, i centret ditt!
Der tek det te, med ein liten kime, og veks og veks,
som alt friskt liv gjer og foldar seg ut og skapar deg
uppatt, te du smaatt um senn biir lik Gud, store far din,
segjer han.

Ja han brukar sterke ord. Ein gong talar han um
døyparen og segjer at han er den største mannen han
veit um. „Men den minste i Himmelriket er større enn
hanf fortel han. Han meiner: Eit menneskje som er

korne inn i denne voksteren, dette vérlaget, i hans rike,
er større enn den største kvinnefødde utanfor. Vi ser at
her spørst det ikkje um kloke hugu, men um aa kunna
ta imot dette livet og la det faa vekse. „Utan de snur
um og biir som born, kjem de ikkje eingong inn i det
riket de talar um,“ sa Jesus aat læresveinom sine, daa
dei trætta um kven som skulde vera øvstemann der.

Men er ikkje dette ein spott over all intelligens, all
mannsens klokskap og evne?

Nei — men det fortel um kor høgt dette liv er,
som all menneskjeintelligens skal gaa upp i, som dropen
i sitt hav, og tene.

So fatige i eigne augo lyt han gjera oss, skal han
faa oss skikka. „Sæle dei fatige, for Himmelriket er deira!"
sa han.

At kristendomen kjem aat oss med ei nyskaping, ei
veldig nyføding fraa Gud, og ikkje er vaar tanke og
gjeming, det ser vi taa det Jesus sa aat den lærde rabi-
raren Nikodemus. „Utan du biir fødd paa nytt, taa vatn
og aand, kjem du ikkje inn i Gudsriket.“ Nikodemus

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free