- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
212

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

her er den sterkaste realitet som jorda eig — aaleine
den kan faa burt krigen. „Fruktene aat Aanden" —

segjer Paulus — er „kjærleik, giede, fred–––––-“

Ja giede! Berre dette eine rare: „Den einaste gode
raada eg veit imot sorg og synd og tungsinn — sa ein
gamal kristen biskop — det er aa takke; takke min Gud
for alt det gode han gjev meg — som eg siett ikkje har
fortent." Dette hadde han røynt.

Skulde du høyrt slikt! Gje seg te aa takke, naar
ein er tom og kald og synest ein ingen ting har aa
takke for?

Um Hans Tausen heiter det:

„Den dag han ei hadde motgång, sorg og nød, han
syntes at Guds naade ei mere til ham flød."

De som er unge kan visst vanskeleg skyne at dette
er psykologi — enn segja veldig høg og god. Men sjaa
so David! Same eins. 1 djupaste naud, naar det dryp
som blod fraa klagom hans, so gjer han ei rask vending
— og endar med ein lovsong.

Dette fortel oss litegrand um ei grunnlov for vok-
steren vaar: at det gode driv det vonde paa dør. Varmen
driv ut kulden — trua driv ut tvilen — kjærleiken driv
hatet — sanninga driv ut lygna — det reine driv ut det

ureine — gieda driv ut sorg og tungsinn––––-ein straum-

gang av gudskrefter paa vegen vaar mot det evige livet!
Ikkje vi dyrkar Gud, men Gud dyrkar oss — naar berre
vi er viljuge, og lyduge. —

Eg vil ende her — med ei 800 aar gamal Kristus-
salme, som Bernhard fraa Klærvaa har gjeve oss:

Heil deg, frelsar min og sonar!

Verda under spottetonar
kryner deg med klungerkrans —
du det ser, at eg vil binde
rosekrans, um kross aa vinde,
gjev meg dertil hug og ans!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free