- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
220

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

saag han kunde gjera stort gagn med di, berre daa greip
han til „kunstene" sine. Elles var han „barn av si tid"
han og. Endaa han stod no høgt, høgt over deim alle
saman — osb. osb. — Her vasa dei gamle rasjonalistane
seg inn i ei sjølv-motsegjing so stor, at vi skynar ikkje
korleis folk kunde sluke ho.

Garborg kjem framum denne leide knuten, med at
Jesus ingen ting har gjort eller sagt som strider imot
naturlovene. Ikkje noko under. Ikkje eingong det at han
vilde staa uppatt fraa dauden har han sagt. Alt slikt er
etterdikting, segner som kom upp sidan og vart trudde
og uppskrivne. Uppstoda aat Jesus er aposteltru.

Ja G. nøydest vel til, skal han vera ærleg. Og det
vil han vera. Han har for stor vyrdnad for meisteren
sin til aa la han fuske seg fram.

Men — men —? So har apostlane og heile kristen-
heita daa — i 1900 aar — mistyda denne meisteren sin,
og levt og lever enno paa ei usanning — so nær som G.
og R. og nokre faae, faae „upplyste". Er det so mykje
rimelegare? Sit desse aaleine inne med den historiske
sanninga her — 1900 aar etterpaa?

Er dette frisk og normal psykologi? Etter det gamle
ordet — som i grunnen er ei godkjend naturlov — at
det som menneskje saar skal ho hauste. Saar ho lygn
vil ho hauste svik. Og paa fruktene skal du kjenne
treet.

Er daa fruktene av Kristus-treet her paa jorda so
laake?

Er det ikkje heller so, at kristendomen likevel har
hjelpt oss menneskje til meir sant liv, meir og meir fram-
gang, meir og meir rettferd, fridom og fred, og lyft smaa-
folket og kvinna og borna, høgt, høgt upp over dei gamle
tider. Kvar vart det av slaveriet og fleirkoneriet? Blese
burt!

Visst kunde det gaatt mykje fortare. Men det er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free