- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
221

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

menneskja som har styrt kyrkja au. Og menneskja er
tung og seig, hard og lat. Men skal tru Europa vilde vore
varmare og sterkare no til det gode, um vi 1000 aar før
hadde faatt visst um denne Garborgs „Messias“ fraa Jøde-
land som sa so mykje sant og vakkert, men ikkje stod
uppatt fraa dauden? Og aldri gjorde noko „undera ?

Det kunde vera mangt aa segja, reint sjæleleg, paa
livssynet i denne boka. G. har lagt seg heilt open; og
han byd oss her det han meiner er sant, næstan vyrde-
laust.

Men vi skal samle oss um dette eine største: Er
Kristus uppattstaden?

Daa vil eg beda dykk lesa det nye testamente riktigt
godt. Og de skal faa sjaa at ingenting er der meir under-
streka som fakta og kjensgjeming, av deim som saag
og høyrde han etterpaa, enn just dette at han verkeleg
stod uppatt fraa grava si den tredje morgonen. Fordi
det var so over alle grensor urimelegt, at det maatte spren-
gjast inn i ein og ein av deim før dei kunde tru det.
Men daa snudde det au synet deira slikt, at paa denne
sanninga bygde dei sidan livet sitt, og alle voner, for seg
og sitt folk og for alle folkeferd. Er dette lygn, segjer
Paulus, daa er vi dei største daarar, ja dei mest ynksame
skapningar som har levt. „Men spør deim som har set
han — dei lever endaa — dei kan vitne" — Paulus er
sorglaus og trygg her. D’er ikkje fritt han har set han
sjølv, tenkjer eg.

Kven har no best greie paa dette tru: Paulus som
sat midt inne i det, og vaaga livet sitt paa denne trua —
eller Garborg som sit og skriv um det 1900 aar etterpaa?!

Elles kan eg og du ikkje stø oss aat nokon her. Vi
kan gjerne faa ei meining av andre, men aldri fær vi tru
av andre. Ho skyt upp innanfraa ho, naar det gjeld livet
vaart, so vi lyt ha ho til livberging. Daa kjem ho — fraa
Kristus sjølv kanskje? Og daa biir det gildt aa høyre at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free