- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
224

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so var det Satan og riket hans. Han som var komen
og skulde knuse ormehovudet!

La oss haide oss til fakta her. Vi har det vonde i
oss og imillom oss, og vi trur ikkje at Gud gav oss det.
Ein fiende har skapt det. Vi er ikkje synd, men vi er
sjuke av synd, som Jesus Kristus, utfriaren vaar, sa.

Baade i naturen og mannalivet ser vi denne svarte
gaata: korleis liv spillest og ikkje naar fram til det det
skulde og gjerne vilde. Og vi spør med Ivar Aasen:

„Kvi fer daa all venleike stundom so ille?
kvi gjenge so ovmykje liv daa til spille?"

Men fær ikkje svar. Ikkje noko anna enn dette: Du er
skapt til aa ta upp striden, i og med Jesus Kristus, for
livet, imot dauden og alt Satans rike. Med Guds kraft
skal du vinne livet.

So er det naaden. Velsigna ord!

Den som ikkje kjenner synda — det er: sin eigen
stakkarsdom — fær lite bruk for naaden. Og den som
ikkje treng um naade, han treng ingen frelsar som vann
over dauden. I det høgste ein lærar, ein vegvisar.

G. argar seg over ordet naade. Eller kanskje helst
over misbruken. Visst er naaden misbrukt — til sovar-
pute for halvheit og larveskap. Og vi skal tole og ta til
hjarte den tukt og refsing vi fær her. Fyrst og framst
fordi vi fortener ho. Vi syndar fælt paa naaden; vi biir
tett paa upplærde til det, av lækpreikarar og lærebøker
— som segjer at vi av oss sjølve ingenting kan gjera,
anna enn synde og angre. Og ikkje ein gong det naar
det gjeld det siste. Men dernæst skal vi taale denne
tukta, fordi Gud sjølv krev heile vaar vilje til aa bli
reine og gode. Les daa bergpreika aat Jesus! Elsk
dykkar fiendar, bli fullkomne som far dykkar i himmelen
er det — segjer han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free