- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
225

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Segjer han slikt for moro skuld, tru? Aa nei —
dette vil han vi skal vekse upp til.

Og just difor: Naadens sol kan vi ikkje misse for

heile verda. Kva skulde vi daa med Gud?

Garborg krev heile den kristne moralen av oss —
liksom Tolstoi gjer. Det gjer bergpreika og.

Men so kjem skilnaden.

Kvar hentar vi kreftene fraa til dette livet? Kvar
er dei aa finne? Her er spursmaalet stort.

Naturalistane segjer: Vi eig deim i oss sjølve; vi er
skapte med deim.

Jesus segjer: Utan du biir fødd paa nytt––––––

kan du ikkje.

— Nokor nyføding treng ikkje naturalistane. Ikkje
daapen av vatn og aand; ikkje nattverden med Jesu lekam
og blod. Jesus er ikkje der. Han er „historisku, segjer dei.

Jesus er læraren, den store, avdi han levde heilt
etter læra si.

Men dette um soning: at ein annan skal bøte det vi
bryt, er trældoms merke, villmannshaatten i oss — segjer dei.

Dei tri gudar like eins. Kyrkja laut lempe seg etter
heidenskapen, der og.

— I ei oversyn segjer Garborg til slutt:

„Ser vi ut over verda no um dagen, kan vi finne
at ho meir enn nokon gong før er eit Satans rike —“.
Sjaa, sjaa. — Her personifiserar han det „mindre gode"
til ein „Satan" han dg.

Han ser paa samtida si nett som dei gamle stoi-
karane og epikuræarane saag paa si samtid, og tok seg
sterkt ihop til aa bøte skaden med sin lækedom*) — i
det store og heile av same slag som Garborgs. Vi skal
bruke vitet og herde viljen. Vi skal bite ihop tennene

*) Epikuræarane skjeia sidan ut til njoting.

A. Austlid: Salt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free