- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
226

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med ein smell, og segja: Du skal! Som den gamle

lova gjorde.

Graatt i graatt. Gamalmanns-syn. Eg er rædd ung-
domen vil snu seg fraa det.

— Nei, skal vi bli sterke i vaar vilje, maa vi ha
upplevt ei stor giede. Einast gieda kan gjera oss sterke.

Her kunde eg stanse. Men eg vil like vel til slutt
segja lite um dei tri gudane, som Garborg beint fram
skuldar dfen kristne kyrkja for aa ha „funne upp“.

Her rasar han imot noko høgt, heilagt, som han knapt
skynar — ikkje han meir enn vi andre. Dette er eit
tusenaars mysteri med tusenaars liv attum seg. Og „vokset
under vengjom" braanar — som det har braana paa so
mange himmelstormarar.

I apostolikum finn vi den trigreina trua vi vart døypte
paa. Eg segjer ifraa meg djevelen, alle hans gjerningar
og alt hans vesen — Og eg trur paa Faderen, Sonen, og
Heilagaanden.

Denne ufattelege løyndomen, um dei tri i den eine,
skimtar vi fyrste gongen i eit av dei mest storlagde epos
som jorda har sét i skapings-soga i fyrste Mosebok:

„I upphavet skapte Gud himmelen og jorda.

Og jorda var øyde og aud, og myrker over djupet,
øg Gudsaanden svam over vatnom.

Daa tala Gud: Bli ljos! Og det vart ljos“.

Dette Livs-ordet fraa Guds munn — som daa gjekk
ut og skapte verda — det var han. Messias, som siden
vart kjøt og budde milom oss, han som dei græske kristne
kalla „logosu.

Israels-folket visste at deira Messias var til før han
kom i kjøt og blod; han var verja deira. Og den fyrste
kyrkja sa det same. „Guds son syner seg for Moses i
ein brennande klunger-runn,“ staar det i overskrifta til
3dje kap. 2dre Mb. — i dei gamle biblane vaare. Og i
Josvaboka (kap. 5. 13—15) staar det: „Og det bar til,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free