- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
227

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

daa Josva stod ved Jeriko, at han saag upp, og sjaa, ein
mann stod beint imot han med drege sverd. Josva gjekk
imot han og spurde: Er du av vaare vener, eller ein

fiende? Han svara: Eg er høvdingen over Herrens her,
no kjem eg. Daa fall Josva fram paa andletet sitt aat
jorda, tilbad og sa: Kva byd min herre tenaren sin?“

I overskrifta aat dette kapitlet staar det: „Kristus, høv-

dingen aat folket sitt, syner seg for Josva ved Jeriko."

Den næste gong vi høyrer um dei tri i den eine er
ved Jordanelva, daa Jesus vart døypt. Her har vi Døypa-
ren til vitne. Baade Matæus og Markus og Lukas fortel
det. „Og sjaa, himlane opnå seg, og Aanden för ned paa
han som ei duve; og det kom ei røyst fraa himmelen
som sa: Du er son min som eg elskar; i deg har eg

hugnad."

No spør eg: Kvifor skal vi so endeleg med vaare

skitne fingrar freiste aa sulke til desse heilage perlone,
desse tusenaargamle løyndomane som kyrkja vaar gjøymer
paa? Vi greier det ikkje likevel; dei heng ’oss for høgt.
Og vart vi reinare og betre um vi miste deim?

So til slutt eit par ord um tal-symboliken hjaa dette
merkelege folket.

Tritalet var heilagt (so det var hjaa fleire og, t. d. i
Egypt). Det var symbol paa guddomen. Men firetalet
var menneskja. Og sjue-talet, det var himmelen og jorda
i eitt, naar dei møtest i semje og samspel.

Legg merke til grunnlova deira. Dei tri fyrste boda
gjeld Gud. Han vil vera Herren aaleine og ingen ha ved
sida si, — namnet hans er heilagt, — og kviledagen hans
er heilag.

Men straks du kjem til det fjerde bodet so har du
menneskja: far, mor, heim — og vidare og vidare utover
til enden.

Merkelegast er Herrens bøn Fadervaar. Den mest
fullkomne litterære perla som vi menneskje eig og har.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free