- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fjortende aargang. 1903 /
146

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Paa hi sida

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
ærleg ut; og du skynar til sist, at du ingin ting skynar, og
spør kvi du skal gaa der som eit narr. Men du slepp ikkje
med det. Du er ikkje utlærd, fyrr du ser sanning gjenom
lygni og meining som eit djupt klokt auga opne seg mot
deg fraa botnen av meiningsløysa. Men det er langt dit.
Ein dag stod eg raadlaus og uppgjevin og saag meg til
bake; og det var visst den gongen eg vart gråa. For rædsla
tok meg, og heldt meg lengi. Eg saag, og maatte tilstaa for
meg sjølv: sandeleg, no er du gamall. Og live ditt er burte
og spillt. Seg meg, min gode mann : kor hev du gjort av det?
Ingin svara meg. Eg laut roe meg som eg kunde best;
og eg trøysta meg som me plar gjera.
Men det er manns trøyst, nåar han hev fari villt,
sumla seg burt, og vaknar skræmd og i pina: eg vil vitne
for mine brørar, segjer han, mine unge brørar, at ikkje dei
og skal koma i denne pine stad. Daa, tenkjer han, hev eg
endaa ikkje livt til inkjes. Ja dette var vel meiningi med
live mitt: at ill røynd skulde gjera meg til lærar for andre,
og til ein vegvisar.
Og eg vitna for mine brørar, dei unge, dei som enno
stod frie og kunde gaa kva veg dei vilde ; og eg sagde : vere
kloke! Tru ikkje live! Det er ei synkverving; det gjev seg
ut for alt det som det ikkje er. Alt me flyg galne etter, er
daarskap og draum, vette-ljos, som lokkar oss ut paa myri;
og nåar me ligg der og søkk, og ikkje kann koma upp, flirer
dei og spring fraa oss.
Daa lo dei unge. Og dei blunka, til kvarandre og sagde :
desse gamle, stakkar; kva veit dei um live som hev gløymt det?
Dette vart og ein skuletime; og den var ikkje av dei
lettaste.
Ung kann ikkje lære av gamall ; kunde han det, vart han
gamall sjølv og vaaga ikkje live. Men berre den som vaagar
kann vinne. Difor er det lagt mein millom gamall og ung,
at dei ikkje skal skyna kvarandre. Kvar-sitt maal talar dei,
som stend paa kvar-si side av gaata, den kvar for seg maa
løyse sjølv med livs faare og von. «Og ikkje du men eg,»
sagde 111 Røynd, «er sett til aa vera lærar for dei unge; du
skal vera nøgd nåar du kjenner, at du kann vera lærar for
deg sjølv.»
Daa tagna eg. Ei stor modløyse lagde seg yvi meg; men.
Men eg laut taka han med. Og mi siste von var broti.
146

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:20:29 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1903/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free