- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
10

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
Me hadde daa berre eitt aa gjera : finne oss i alt. Og
hugmjukt rette oss etter all verdsleg Skipnad. Fall denne
Skipnaden oss for tung, so fekk me beda ; men hugse maatte
me, at kor vonde Vilkaari var, so var dei aldri verre enn
vaare Syndir fortente. Og kor ukristeleg Styringi var, so
styrde ho endaa med Guds Vilje; var det ikkje hans sanne Vilje
som soleis fullførde seg, so var det hans «tillatande», d. e.
hans dømande og refsande Vilje, Gudsviljen upp-arga ved
våar Synd.
Kyrkja heldt seg utanfor Rikslive. Men endaa vart ho
Rikstenar; ja vaks meir eller mindre inn i det verdslege
Samfund.
Ho vart «Departement» i den Staten som høyrde til Sa
tansrike. Og snart kom ho so langt, at ho dyrka det verds
lege Herrevelde, serleg Kongsvelde, likso knebøygt som all
onnor Embættsmagt. Og det kunde ho ; ja det var hennar
Skyldnad; Paulus sagde tydeleg, at der var ikkje Raadsmagt
utan av Gud. Kyrkjeherrane vart mange Stadir Kongstenarar
og Kongslovsyngjarar paa ein Maate som minnte svært lite
um Nasaræaren.
Desse Tidine har fengi Ende. Meir eller mindre heilt.
Um Læresetningane er dei same, so hev det komi upp andre
Synsmaatar.
Millom Grunnane til dette maa ein fyrst nemne dei nye
og friare Samfundsvilkaar som er komne upp. Desse Vil
kaari hev gjort, at Prestane som andre Borgarar er
komne meir med i Samfundslive; ofte kjem dei med i sjølve
Samfundsstyringi; er baade Thingmennar og Riksraadar.
Eit Rike i vaare Kulturheimar er ikkje lenger ein Eigedom
for ei Kongs-ætt, eller ei Samling Herregardar og Herrerom
for eit Stand eller tvo; sjølve Folke hev fengi Borgarrett og
hev eit Grand aa segja. Ja i den store Revolusjonen var
sjølve Bror-Tanken uppe; han vart ikkje gjenomførd; men
fleire Stadir hev han sett som eit Merke, paa Samfundsfor
mine: i det som me kallar aalmenn Røysterett er der som ein
Skugge av denne store Tanken.
Dermed hev mangt skift um.
10

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free