- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
14

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
høyrer ikkje oss til, tenkjer Folke; det er ein Rymann som
lite veit um oss; me kann ikkje tala med honom som med
ein av vaare eigne.l
Kyrkja kjem daa mindre med i Arbeide her; so lengi
ho ikkje er nasjonal, fær ho berre so halvt Tak paa
Folke. Og so lengi ho dertil er eit Statsdepartement, so er
det Staten ho lyt bøygje seg for, nåar det gjeld Samfunds
spursmaal. Men Staten bryr seg lite um kyrkjeleg Innblan
ding, som rimelegt kann vera; Kyrkja stend her ikkje fri.
Og i det store Samfundsarbeide som no meir og meir veks
fram, vilde eit byraakratiskt Prestedøme lite Gagn kunna gjera
neiler.
Me fær daa berre tala um dei Prestane som hev Sans
og Tanke for Samfundsspursmaal sjølve. Og det som gjev
Von er, at slike vert det jamt fleire av. Det hev me i det
siste fengi ei Minning um gjenom det Kyrkjemøte «for frisindet
Kristendom» som nyleg var samla her i Ryen.
Mangt eit godt og aalvorsamt Ord vart i det Møte sagt
um Kyrkja og Rorgarsamfunde, Ord som vel for det meste
høyrdest lite kyrkjelege for eldre Kyrkjefolk. Med Styrke
kom det fram, at det ikkje lenger er alle Prestar som finn
det nok, at Kyrkja er Fmbætts- og Gravkantor.
Kyrkja hev ei Gjerning i Live, minner desse yngre um.
Og det ikkje berre i det religiøse Live som altfor mykje hev
vorti Kjensle- og altfor lite Vilje-Liv —, men i det borgarlege
med, i Samfundslive. Der stig i vaare Dagar meir og meir
dei etiske Krav fram; og Kyrkja bør daa ikkje staa utan
fyre. Ja sume meiner at ho bør hava eit stort Rom i
Arbeide for aalmenn Rettferd, for menneskjelege, eller um
me vil segja broderlege, kristelege Samfundsvilkaar.
Um Arbeidsm a aten i desse Spursmaal er det enno
ileire Meiningar. Det segjer seg sjølv, at ein Prest kann vera
t. D. Sosialdemokrat i det borgarlege Arbeidsliv; men at
Kyrkja og dermed Presten i si Kyrkjeteneste ikkje
maa blande seg inn i Dagsstriden, Serstriden um Fram
gangsmaatar og Framgangsvegar, det er ikkje mindre sjølv
sagt. Kyrkja skal tala til alle; det er daa det aalment sanne
1 Her hev me og ein av Grunnane til, at me attaat Statskyrkja hev fengi
ei «Lækmannskyrkje».
14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free