- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
21

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kyrkja og Borgarsamfunde.
Jesu Liv var ein Strid for det Gudsrike, der Broder
lovi skulde raade. Og sjølv heldt han seg fraa fyrst til sist
ikkje til dei megtige, men til Folke, dei «fatige», og dømde
dei rike, dei mette, dei sjølvretferdige usæle. I all si Ferd
var han ein Fredsmann ; ikkje med Valds Vaapn som Her
rane, med rett Ferd og med Tolmod skulde Jesu Sveinar
vinne. Men i sine Tankar var han ein Umveltar so ein kann
forståa at han hev vori kalla den fyrste Revolusjonære ; i det
etiske og religiøse var han den største Nyskapar Verdi hev
set. 2000 Aar hev denne same Verdi snart turvt berre til
aa koma so halvt innpaa Livslæra hans; og mang ein Dag
vil ho turve fyrr ho kjem lenger. Men fleire og fleire fær
Syn for Nasaræaren i denne Tid ; og nåar det i Kyrkja er so
mykje som eit Faatal som tek til aa arbeide med Brortanken
den «Verdi» minst vil vita av —, so er det klaart, at paa
Framveg er me.
Og trygt læt det seg segja, at di meir Kyrkja kann koma
med her, di meir av Jesu Evangelium ho fær Mod til aa
taka upp, dess meir vert ho det ho skulde vera : eit Salt
og eit Ljos i Verdi, ei Livsmagt.
Arne Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free