- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
247

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

norsk historie.
Prisar og politikk
freista paa alle maatar med «stinn vegt», med mellom
lag paa mynten, med tillegg paa alle kantar aa drive inn
tektene sine upp. Dette var hovudinnhalde i bondestriden
yver heile Europa.
Dertil kom i Noreg ein serskild ting som endaa meir
enn fyrr lokka kapitalen inn i jordbruke og gjorde bønderne
minder motstandsføre. Noreg hadde alltid vore eit land som
snautt kunde brødfø seg sjølv; bønderne maatte jamt kjøpe
noko korn attaat, og endaa meir, um ikkje hausten var god.
Dyre kornprisar var difor beinvegjes til tap for den norske
bonden. Og so var det i 15de og 16de hundradaare, at det sunna
for og vestafor Nordsjøen vart meir og meir spurlag etter
norsk trelast. Noreg vart sterkare enn fyrr dregje inn i
verdenshandelen, og sagbruksdrift vart ei stor inntekt for
lande. Sjølvsagt kom daa kapitalen til aa legge seg etter
skog, og embætsfolk og borgarar kappast um aa faa sag
bruksrettar. Samstundes ser det ut til etter dei nyaste
granskingane (sjåa Tidsskrift for det norske landbruk 1911,
av S. Hasund) og det heng vel just ihop med dette nye
skogsbruke at aakerbruke, korn-avlen, i lande etter maaten
minka, so folke trang til mykje meir korn-innførsle enn fyrr.
Bønderne vart dermed meir og meir avhengige av kjøp
mennerne, borgarane, og dei kom til aa kjenne pris-auken
paa korne hardare.
Soleis var det eit heilt økonomisk umskifte som gjorde
livskaara dag for dag tyngre for dei norske bønderne, og dei
maatte reise seg til strid, likso vel som bønderne elles i
Europa; ja det er ikkje umogelegt at bondereisingane uta
lands har hjelpt til aa kveike stridshug i Noreg, vi veit at
bønderne her heime høyrde gjetord um stridane i utlande,
serleg Tyskland og Danmark.
Samanhengen mellom prisauken og bondestriden i 16de
og 17de hundradaare synest daa klåar og tydeleg. Og at dette
ikkje er berre slump, men indre samanheng, det bli fullvisst,
nåar ein fylgjer gangen lenger fram. For den same baare
gangen som ein ser i prisane, den finn ein att i samfunds
vilkaara, i klassestriden. Fraa 1670-aara gaar kornprisane
noko ned eller held seg nokolunde jamt heilt fram til 1750-
aara, og dette er dei rolege tidene i den norske bondehistoria.
Ikkje fyrr tar so prisane til aa gaa upp att i 1760-aara, so
247

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:27:10 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0255.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free