- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
250

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Koht.
til vinning for bønderne. Men det var for di det ikkje var
spursmaal um nedgang, men um nedfall, ein rein krise i
pengeverda, og denne krisen maatte i fyrste take gaa ut yver
dei som levde av pengar. Men straks verste krisen var yver
staatt, og næringslive tok til aa lempe seg etter dei nye vil
kaara, so snudde dei høge prisane seg til tap for bønderne.
Daa vart det i Noreg plent liksom i dei Foreinte Statane
straks etter sjølvstendekrigen det største stridsspursmaale
mellom samfundsklassene i lande, um ein skulde freiste paa
kunstig vis halde prisane nede, eller ikkje. Det var dette
som var innhalde i den store striden um Eidsvollsgarantien
paa det fyrste stortinge: skulde staten gaa god for ein viss
kurs paa pengesetlane eller ikkje? Det var bønderne som
heldt paa garantien, for di vareprisane daa ikkje fekk flyge
for høgt til vers, og daa garantien glapp, var det bønderne
som tapte. Det vart harde tider for den norske bonden, og
den bankpolitikken som staten samstundes sette i verk, gjorde
nauda endaa større; baade sylv og setlar vart inndregne, og
bønderne vart so pengearme, so dei kunde mest ikkje greie
noko utlegg, det var mang ein bonde som maatte gaa fraa
gard og grunn i dei fyrste aara etter 1814. Dyrtida øydela
bønderne, og det var den som dreiv dei til reising etter
gamall skikk; det var fleire pengar austlendingane vilde ha,
daa dei rotta seg ihop i 1818, fleire pengar og lettare kjøp.
Men nm bankpolitikken av 1816 kjendest hardt med
same, so var det likevel bergings von i han. Just for di
staten greip so hardhendt inn og minka pengeforraade i
lande munaleg, so tok pengane fort til aa stige i verd ; papir
pengane kom i pris att. Og det var det same som at vare
prisane endeleg tok til aa sige. Dei upplysningane som
Aschehoug har samla um kornprisane kringum 1820, er dess
verre soleis som han sjølv har ettervist sers upaali
tande. Men so har vi til vederlag ifraa desse aara fullt av
vitnemaal um at prisane paa sjølve jorda hadde kome ned
paa eit laagmaal, og dei smaa jordprisane gjorde det lett for
bønderne aa legge jord under eiga si. Sjølve den bank
politikken som straks i fyrevegen nær hadde drive dei til
upprør, kom no til aa hjelpe dei til eit veldigt framsteg.
Og liksom staten i slutten av 17de hundradaare hadde hjelpt
dei, med aa avhende statsjord i store mengder, soleis fekk
250

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:27:10 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free