- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Femogtyvende aargang. 1914 /
290

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Riksretten 1883—84

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

RIKSRETTEN 1883-84.
Det norsk-svenske Samfeste fraa 4de Novbr. 1814 var eit
fredeligt Framhald av den gamle Ufreden. Sverig vilde
no som fyrr gjera Danskeprovinsen Norig til svensk Provins
ein i seg sjølv rimeleg Tanke —; og Norig, som hadde
livt paa heil og halv Krigsfot med Sverig i lange Tider, vilde
verja seg mot Forsvensking, ein rimeleg Tanke, det med.
Fredskrig er mindre vill enn Blodkrig; men so plar han
vara lenger; denne norsk-svenske heldt paa i 91 Aar. Med
ei Vaapn-kvild inn-imillom (fraa upp imot 1840 til upp imot
1860). Men Kvildi høyrde au med til Krigen; Svenskarne
hadde etterkvart lært, at dei burde gjeva Nordmennerne Tid
til aa gløyme. Det galdt og um, at dei danske eller dansk
upplærde Embættsmennerne kom or Vegen : i den gamle
norske Danskeprovinsen hadde desse enno stor Magt.
Daa den tjugeaars Ventetidi var til Endes, tok Svenskarne
Striden upp att; og snart gjekk det lettare. Dei nye Embætts
mennerne som fraa 1813 av var upplærde i Kristiania paa
den vesle Avleggjaren av Kaupenhamns-Universitete der —,
dei var nok ikkje norske ; men dei var ikkje skikkeleg danske
heller; og slike Heimløysur er rett brukelege, nåar det gjeld
aa avnasjonalisere eller um-provinsialisere ei Folkemengd.
Dette skulde daa au snart vise seg.
Den norske liberale og Bonde-Politiken, som etterkvart
var komen upp jamsides den gamle dansknorske, peika gale
i Veg for alle som høyrde til den rette «Intelligensen»; og
og den Tidi kom, daa Embættsmagti tok til aa tvile paa um
det var rett aa halde so streng Vakt imot Aust. Naar alt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:27:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1914/0298.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free