- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Femogtyvende aargang. 1914 /
295

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Riksretten 1883—84

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Riksretten 1883—84.
som dei me no hadde havt; paa Spursmaale um dei serlege
Grunnarne til at Politie ikkje som vanleg skulde kunne halde
Orden i Byen, eller paa det, um Folke ikkje snarare kunde bli
eggja til Uro ved serskilde og uvanlege Tilstellingar, kom
det Svar med mange Ord som for meg vart berre Ord.
Kanonarne var uppsette for det Tilfelle at Folkemengdi idet
heile skulde koma i Uro; daa vilde eit Kanonsköt eller tvo
vera beste Raadi; den villaste Mengdi styrde seg, nåar ho
forstod at Artillerie var ute. 0. s. fr.; det er sjølvsagt ikkje
stort eg no hugsar. Men eg veit at eg hadde Moro av den
Tanken at Folke skulde gjera Upprør fordi der var falle Dom
yvi nokre Departementschefar som det knapt visste Namne
paa. Likso løgleg vart til Slutt den Tanken meg, at desse
Byrokratarne skulde ha tenkt paa Statskup; dei hadde visst
berre vore rædde, Stakkar.
Ymse nye Spursmaal vart vedtekne og framsette. Men
ikkje dei heller førde nokon Veg; Statsraaden vart dimittera.
Inkje anna var vunne ved Innkallingi enn at Faktum vart
slege fast og gjort aalkjent; men i slike Tider var det ikkje
lite verdt; Dagsljos drep baade Stortroll og Smaatroll, og det
ein no kunde segja trygt var, at eit Styre som steller seg so,
at det kann vente Folk imot seg med Vaapn i Hand, det
hev dømt seg sjølv strengare enn nokon Riksrett kann døme.
Fraa svensk og høgre-norsk Side vart det endaa ar
beidt eit Tjug Aar med aa faa Unionen umbygd. Og Nord
mennerne, som vel visste kor vigtigt det ein Dag kunde bli
for baae desse Folki at dei heldt Lag, . tøygde seg i det lengste
for aa naa fram til ei rimeleg Semjing.
Men um Svenskarne var for stolte til aa jamstelle seg
med eit Folk som ikkje hadde naatt Nasjons Rang, eller um
det var me som enno hadde lært for lite Diplomatik,
«Brorskapen» kunde ikkje bli anna enn ein Talemaate.
Og endaa skylder me Svenskarne Takk. Det var dei
som i Januar 1814 reiv oss lause fraa Danmark, um alltid
paa ein Maate og med ei Meining som me ikkje godkjenner.
Paa den andre Sida skylder me dei norskdanske Takk for,
at dei i dei fyrste Tider hjelpte oss med aa halde oss uppe
mot Sverig; me norske forstod oss lite paa. Politik i dei
Dagar. No fær me sjåa. Greier Svenskar og Nordmenner
seg igjenom dei Vanskarne og Prøvingarne som snart eller
295

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:27:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1914/0303.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free