- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Seksogtyvende aargang. 1915 /
551

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skulereformation.
Tider er Fagforlessing. 1 Nye og vigtige Fag trengjer seg inn;
og um eit og anna av dei gamle daa lyt halvt eller heilt ut,
so fær Skulen endaa for tungt Lass aa draga. Og Skuleplanen
er sprengd; «alle Fag er Hovudfag» eller um ein likso
gjerne vil segja Sidefag. Sjølve Skulen er sprengd: hev fenge
tvo «Linur», skaper høgre Aalmenndaning av tvo Slag. Der
vert daa noko halvt ved baae desse Klovningarne.
Det vert eit dobbelt Lag av Vanskar: nye er komne til, og
gamle hev fylgt med. Av dei siste soleis dei altfor vel kjende
som Eksamensskipnaden dreg med seg. Der er daa vel minst
likso mykje tapt som der er vunne. Med Fag i Hopetal og
knapt noko anna til samlande Tanke enn Eksamen fær
Skulen ikkje lite ved seg av «Fabrik». Og der er jamt
Spursmaal um Reformer.
I det siste hev det jamvel vore freista med ein Reforma
sjon. 1 ein By i næraste Grannelande kom Krave upp; og
det vart verksett utan mykje Snakk; Göteborgs högre
Sa ms ko la hev arbeidt i 14 aar no. Og Arbeide synest lova
godt ; Skulen klarar seg, endaa han er bygd paa pædagogiske
Grunnsetningar. Det Spursmaale vaknar daa, um ein Veg her
er funnen. Eller um det iminsto er gjort Røynslnr som kann
gjera det lettare aa finne Veg.
Det vil vera verdt aa sjåa eitgrand paa Skipnaden og
Arbeidsmaaten ved denne Skulen. Upplysningar er aa finne
i det Festskrifte som under Titelen er nemnt.
Hausten 1901 vart Skulen igangsett.
Byen hadde ein høgre Statsskule. Men den var ikkje
berre so överfyllt som han etter Lovi kunde vera, og som
Statsskular flest er kvar Klasse hadde 35—40 Elevar eller
2—3 Gonger for mange (Staten lyt spara) - ; han laut i seinare
Aar i Flokketal vise burt Born, som hadde klara Inngangs
prøva. Staten vilde soleis med det fyrste bli nøydd til aa
1 Dette gjeld serleg den høgre Skulen; den lægre som kann kalle seg
«Folkeskulen», av di Overklassa ikkje vert rekna med til Folke er betre
faren i so Maate; hev ög i det heile meir Samanheng med Heimen. Han hev
dertil havt ikkje lite Hjelp av Tankar som naadde her upp fraa den danske Folke
skule-Nyreisningi (ved Grundtvig og Kr. K old).
551

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:28:14 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1915/0559.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free