- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Seksogtyvende aargang. 1915 /
622

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation. II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SKULEREFORMATION.
«Göteborgs Högre Samskola 1901—1911;
Minneskrift utgiven av skolans lärare.»
Millom dei fyrste Vanskarne for den høgre Samskulen
var Spursmaale um Religionsundervisning!.
Nytt var dette Spursmaale ikkje. Og at den gamle dog
matiske Maaten ikkje høvde for Skulealderen, og minst fol
den høgre Skulen i desse Tider, var visst nok. Eit Par Land
hadde daa og bytt den gamle Skipnaden burt i ein ny; det
var Holland og Frankrike.
Den hollandske Skulen hev stroke Religionsfage. Men
for Born av Foreldre som vil ha Trudomslærnaden med,
held ein Prest serskilde Religionstimar paa Skulen. Hermed
er Vansken fraa ei Side greidd. Men ikkje fraa alle. Den
Ungdomen som lærer baade «Vitskap og Tru», kjem inn i
Striden millom dei «tvo Sanningarne» like godt for di um
Skulen held seg utanfyre; her er daa Inkje vunne. Men dei
unge som ikkje lærer Religion, for deim vil mangt bli
uklaart av det dei elles lærer eller les, i Historia t. D. Tider
som Millom- og Reformationsalderen. Det kann i det heile
ikkje vera rett, at Skulen stengjer ei Side av Menneskjelive
som den religiøse beint ut ifraa seg.
Men det gjer den franske éducation morale med. Og den
er dertil aa døme etter Lærebøker i Fage likso dog-
matisk som Kyrkjedogmatiken. Hjaa franske Lærarar vaknar
daa og stundom Krave ura, at skulen bør faa ei «officielt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:28:14 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1915/0632.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free