- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Treogtredivte aargang. 1922 /
241

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Upphave til Renæssansen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Upphave til Renæssansen.
det tedde seg i samfund og stat, i kunst og i tenkning, alt
frå det var bunde i faste samfundsband og til det meir og
meir vann fram til personleg fridom. Lamprecht synte oss
klårare enn nokon fyrr hadde gjort, kva det var for ånds
band Renæssansen sprengde, og han førte voksterlina sterkt
fram til notida.
Den Renæssansen som Rurckhardt skildra, hadde ikkje
si rot i gamletida, men søkte hjelp for sin eigen kultur i ho,
og reiste ho upp til mønster og verje imot midalderen. Og
etterpå greidde HermanHettner 1 ut med fin sjelegransking,
koss dei store renæssansediktarane hadde rømt tilbake til
fyrrtida liksom «Sturm- und Drang»-mennene hadde rømt
til naturlive, det var upprøre mot samtid-trykke som
skapte både den eine og den andre rørsla. Sjølve atterfødinga
for gamletida vart då i minsto ein naturleg og naudsynt led
i Renæssansen, og i di at han vart skildra som eit upprør,
fekk motsetninga til midalderen endå større tyngd i seg.
Men den historiske tenkemåten som just på denne tida,
i 60- og 70-åra, arbeidde seg fram, mykje i samanheng med
darwinismen, kunde ikkje godt tåle slike brot i historia.
Tocqueville hadde alt i 1856 freista vise at den store franske
revolusjonen djupast sét ikkje var eit brot med det gamle
Frankrike, men eit framhald ifrå det. Og frå slutten av 60-
åra arbeidde J. E. Sars med å prove at dei bråe umkastingane
i den norske historia like eins var utslag av ein samanhen
gande vokster.
Same tankemåten gav seg no i kast med Renæssansen.
Den franske litteraturgranskaren Emile Gebhart freista i
1879 i eit verk um «Les origines de la Renaissance en Italie»
ettervise koss renæssanse-ånda, slik som ho steig fram i dik
ting og kunst, hadde laga seg til smått um senn i Italia, i
ein stendig vokster gjenom heile midalderen. Freistnaden
var ikkje heilt vellukka; for det vart mest ingen skilnad på
midalder og Renæssanse, det kunde mest sjå ut som um
Renæssansen berre var den italianske midalderen i full blø
ming. Og med di at det italianske folkelynde vart gjort til
eit hovudgrunnlag for Renæssansen, vart det vandt å skjønne
koss han likevel kunde bli slik ei ålmenn europeisk rørsle.
1 Italienische Studien, 1879, s. 29—51 : Der Ursprung der Renaissance.
Petrarca und Boccaccio.
241

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:32:26 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1922/0249.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free