- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Treogtredivte aargang. 1922 /
243

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Upphave til Renæssansen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Upphave til Renæssansen.
den historiske vokstertanken, når ein såg berre åndshistorisk
på tilgangen. Men han kom på ein farleg måte i strid med
det syne renæssanse-tida hadde på seg sjølv. Renæssansen
hadde meint at han vekkte til nytt liv den gamle Roma
kulturen, det «romanske», og han hadde samla alt det han
stridde imot, heile midalders-barbarie, under namne «gotisk».
Difor hadde då og den franske etnologen A. deGobineau1
kunna skildre Renæssansen som ei reising av den gamle
latinske folkeætta imot det germanske velde. No som Re
næssansen vart gjort um til ei frukt av midalders-kulturen,
kom sjølvsagt ein tysk etnolog han bar namne Ludvig
Wo It mann 2 —og greidde ut at det var germanane i Italia
som hadde bore fram både individualismen og den nye
kunsta. Ein måtte berre spørje seg sjølv kvifor ikkje ger
manane likso godt hadde gjort alt dette heime i sine eigne
land.
Det er uråd for meg å sjå nokon race-strid i Renæssan
sen. Eg ser mykje av eit italiansk folkelynde, det har
både Taine 8 og Gebhart synt oss. Men eg ser ikkje at her
er eitt folk som reiser seg mot eit anna. Ein set i det heile
spursmåle skeivt upp, når ein spør etter upprøre i Renæs
sansen, reisinga og striden mot eldre åndsliv. Ei frigjøring
treng ikkje alltid være upprør; det kann likso gjerne være
ein vokster. Og ein lagar sig ei rang fyresetning når ein
soleis som Michelet og Gebhart skildrar det som um dei
midalderske samfundsmaktene låg og tyngde på sjelene so
dei berre venta på høve til å kaste åke av seg. Det er saman
hengen all historie trår etter, og ein må heller spørje: koss
voks dei nye åndsformene fram? kvar hadde dei grunnlage
sitt? Og ein må med alle dei nyare granskarane søke dette
grunnlage i den næraste fyrrtida, i sjølve midalderen.
Men ein må ikkje difor freiste prove at det i grunnen
slett ikkje var noko nytt som brøytte seg fram. Det gjeld um
alle rørsler og alle institusjonar i verda at ein kann finne
røterne til dei, alle dei einskilde ledene i dei, langt tilbake i
tida; men dei høyrer likevel til den tida då dei stig fram
mogne og ferdige.
1 Essai sur I’inégalité des races humaines, IV (1855), s. 210 f.
2 Die Germanen und die Renaissance in Italien, 1905.
3 Philosophie de Tart en Italie, 1865.
243

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:32:26 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1922/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free