- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Treogtredivte aargang. 1922 /
244

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Upphave til Renæssansen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 Die Cultur der Renaissance in Italien, s. 134.
Halvdan Kont.
Renæssansen er ein kulturbolk for seg sjølv, og han
har sine eigne sermerke. Han nyttar gamletida på ein annan
måte enn midalderen hadde gjort, og framum alt eig lian
ein åndeleg fridom som ikkje midalderen hadde ått. Både
fridomstankar og kunst-emne kann ein finne mykje tidlegare
i midalderen; men det er Renæssansen som samlar det alt
og stemplar heile tida med det. Og so viktigt som det er å
ettervise alle dei emne Renæssansen tok i arv frå den eldre
tida, so er ein då med det same nøydd til å leite etter kva
det var som skapte det nye, kva det var som gjorde at
midalderen vart til Renæssanse.
Bu rekn ardt såg den sterkaste drivkrafta i dei politiske
vilkåra i Italia frå slutten av 13de hundraåre : det var valds
herren i alle smårika, tyrrannen og condottieren, som var
den fyrste frigjorte og sermerkte mannen ; det var dei evnene
han tok i tenesta si som fekk part i den same frigjøringa,
og lydfolke fylgde med i framgangen. Utvilsamt er det og
eit serdrag i den italianske renæssansen, heile dette veldige
frambrote av vyrlause maktvinnarar kringum i heile lande;
dei hjelpte til å sprenge gamle samfundsband, både moralske
og politiske, og dei hjelpte ofte mykje til å fremme både
kunst og lærdom.
Men denne stats-uppløysinga er heimfest berre til Italia;
rundt um i Europa gjekk det reint den motvende vegen.
Og ikkje for sjølve Italia dessmeir er det lett å tru på at vi
her har hovud-årsaka til Renæssansen. Ein stussar uvilkår
leg når ein på same sida hjåßurckhardt 1 les, at i dei tyrann
styrte statane fekk einskildmannen vekse seg fri for di her
fans ingen partistrid, men i republikkane gjorde mannen det
same fordi her var so mykje partistrid. Eit endå vektigare
innkast er det at fyrste bløminga for Renæssansen, med rik
individualisme i dikting -og i målarkunst, kom fyre sjølve
tyranntida og i ein by som ikkje på lange tider endå kom
under tyrannstyre, i Firenze. Med slik ei kjensgjerning
for augo må det bli uråd å halde uppe forklårings-teorien til
Burckhardt.
Gebhart gjekk difor bakafor tyrannie og søkte grunnlage
i den politiske fridomen som «kommunen» hadde skapt.
Nokon heilt klår samanheng fekk han ikkje i stand, noko
244

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:32:26 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1922/0252.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free